Vil du vite meir om søvnsjukdommar?
På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), kan du finne mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.
Her kan du lese om kva du kan forvente som pasient ved Søvnpoliklinikken og korleis du kan førebu deg på timen din.
Søvnpoliklinikken utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar (søvnapné) og alvorlege hypersomniar. Søvnpoliklinikken har i lita grad eit tilbod for pasientar med andre søvnsjukdommar, då desse i hovudsak skal handterast i premærhelsetenesta.
Utgreiing av søvnapné og hypersomniar krev som regel ei nattleg søvnregistrering. Det kan unntaksvis vere trong for nattlig søvnregistrering óg ved andre søvnsjukdommar.
I forkant av timen din ved Søvnpoliklinikken ber vi deg fylle ut eit spørreskjema og føre søvndagbok i ei veke.