Det finnast 6 ulike diagnosegrupper av søvnsjukdommar. Søvnpoliklinikken greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar (søvnapné) og alvorlege hypersomniar, medan dei andre søvnsjukdommane i hovudsak skal handterast i primærhelsetenesta.
Her kan du lese meir om søvnsjukdommane insomni, døgnrytmelidingar, parasomniar og søvnrelaterte bevegelsesforstyrringar.
Insomni
Insomni, eller søvnlausheit, er den vanlegaste søvnsjukdommen. Søvnvanskane varierer frå pasient til pasient. Nokon slit mest med innsovninga, andre med uroleg nattesøvn og mange oppvakningar. Ved kronisk insomni anbefalast i første rekke ikkje-medikamentell terapi (kognitiv atferdsterapi for insomni).
Les meir om insomni her.
Insomni skal i hovudsak greiast ut og behandlast i primærhelsetenesta (f.eks. fastlege, psykolog og søvnsentre). Det vil berre unntaksvis vere trong for nattleg søvnregistrering for å utelukke andre moglege orsakar til søvnproblema. Insomni er likevel så vanleg at mange pasienter ved Søvnpoliklinikken slit med denne problematikken, enten åleine eller i tillegg til ein annan søvnsjukdom.
Vi anbefaler deg som har insomni om å ta dette opp med din fastlege. Ein del privatpraktiserande legar og psykologar har òg kompetanse på tema. Nokre pasientar kan ha nytte av ulike sjølvhjelpstilbod (søvnkurs, bøker, videoar, podkastar) og gruppebaserte behandlingsopplegg. Dette kan du lese meir om her.
Døgnrytmelidingar
Ved døgnrytmelidingar er det anten problem med den indre biologiske klokka (forsinka søvnfaseliding, fremskynda søvnfaseliding, frittlaupande søvn-vakenheitsrytme, irregulær søvn-vakenheitsrytme) eller utanforliggande faktorar som gjer at den innebygde klokka er ute av fase (jet lag, skiftarbeidsliding). Alle døgnrytmelidingane gir symptom i form av søvnproblem og/eller auka søvntrong. Dette gir problem med å fungere normalt, for eksempel sosialt eller på jobb.
Les meir om døgnrytmelidingar her.
Bevegelsesforstyrringar
Restless legs, eller urolege bein, kjenneteiknast av ubehagelege fornemmingar eller kriblingar i beina, som lindrast av bevegelse/aktivitet. Når plagene er av en viss alvorsgrad og hyppigheit kallast det restless legs syndrom eller Willis-Ekboms sykdom.
Les meir om restless legs her.
Periodiske beinbevegelsar under søvn (PLMS) karakteriserast av episodar med gjentatte, einsarta beinbevegelsar under søvn. Disse beinbevegelsane kjenneteiknast av at pasientane rykkvis bøyer stortær, anklar og kne, og at samantrekkingane kjem regelmessig natta gjennom. På engelsk kallast tilstanda «periodic limb movements in sleep», og understrekar at det ikkje berre er beina, men òg armane som kan bevege seg. Beinbevegelsar er likevel klart vanlegast. Disse beinbevegelsane kan forstyrre søvnen, og gi hyppige oppvakningar. Det er ofte søvnproblem som bringar pasienten til legen.
Les meir om periodiske beinbevegelsar her.
Parasomniar
Parasomniar er eit samlenamn på uønska motoriske fenomen eller opplevingar som skjer under innsovning, i løpet av søvnperioda, eller i forbindelse med oppvakningar frå søvn. Det finnast mange forskjellige parasomniar, og det er vanlig å dele inn i tre hovudgrupper: 1) Forstyrringar knytte til NREM (djup) søvn, 2) Forstyrringar knytte til REM søvn og 3) Andre parasomniar (som ikkje er knytte til spesielle søvnstadium). Det som er typisk for alle parasomniane er at hendingane skjer utanfor normal bevisstheit.
Les meir om parasomniar her.