Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Bjørgvin DPS dagbehandling

Psykiske vanskar har ofte samanheng med, og kan påverke, relasjonar til andre menneske. Difor legg vi stor vekt på aktivitet og samhandling som ein viktig del av behandlinga. Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) tilbyr vi ei rekkje gruppebaserte behandlingstilbod og aktivitetar som kan støtte deg i di eiga bedringsprosess.

 

Dagbehandling ved Bjørgvin DPS

Dagbehandlinga blir organisert som ein del av anten poliklinikk eller sengepost, sidan mange av gruppetilboda er ei forlenging av eit døgnopphald eller inngår som del av poliklinisk behandling. For enkelte kan dagbehandling òg vere eit eige, sjølvstendig tilbod.

Innhald og tilbod

Fokuset i dagbehandlinga er behandling og undervisning, men innhaldet i tilboda kan variere over tid for å tilpassast brukarane på eininga. Aktuelle gruppetilbod kan vere:

  • Angstmeistring

  • Livsmeistring

  • Samtalegrupper

  • Uttrykksterapi

  • Musikkterapi

  • Kurs som t.d. sinnemeistring, depresjonsmeistring og ernæring

  • Fysisk trening

  • Turgrupper

  • Pilates

Gruppebasert behandling

Gruppebehandling gir rom for refleksjon, fellesskap og meistring. Vi tilbyr ulike typar grupper, mellom anna:

Kreativ gruppe
Eit prestasjonsfritt rom der du kan utforske dine eigne uttrykk gjennom kreative aktivitetar. Gruppa blir leia av ein kunstterapeut og blir halde to gongar i veka.

Samtalegruppe
Ei løysingsorientert gruppe der deltakarane sjølve vel tema for samtalen. Tilsette er til stades og tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar.

Pasientundervisning
Vi tilbyr undervisning kvar veke med tema som blir tilpassa behov og ønskje i gruppa.

Musikkaktivitetar
Du kan vere med i musikkcafé, samspel med andre eller få individuell rettleiing frå musikkterapeut.

Fysisk aktivitet og turar
Vi har gymsal og tilbyr tilpassa trening, i tillegg til faste turgrupper kvar veke. Aktivitetane blir tilpassa kvar enkelt sitt meistringsnivå.

Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.

 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi har gruppetilbod både ved poliklinikken i Knarvik og på Tertnes i Åsane. På Tertnes held vi til i bygg A, B og C, og pasientar som skal til dagbehandling møter i ekspedisjonen i bygg B. I Knarvik møter du ved allmennpsykiatrisk poliklinikk.

Tertnesveien 37

Tertnesveien 37

Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


Praktisk informasjon

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Er du pårørande?

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Informasjon til pårørande
Pasient og pårørande i sofa hos behandlar. Illustrasjon