Brukarmedverknad
KIT-studien er sterkt ønska av menneske med erfaring frå psykose, som etterlyser behandling der ein fokuserer på kva ein har opplevd av vonde ting. For å verkeleg utvikle ein studie som er nyttig for menneske med psykose er det viktig at studien er på pasientanes premiss, og er genuint nyttige og med det rette fokuset sett frå brukaranes perspektiv.
Den primære brukargruppa er menneske med levd erfaring frå psykose, ei gruppe som over tid har etterlyst traumefokusert terapi for SSDs.

Ekspertgruppa for menneske med erfaring frå psykose i Helse Bergen; Psykoseforsking med Erfaringskompetanse (PEK), har vore med å gi råd til korleis KIT-studien skal utformast. PEK tilrår KIT-studien på det sterkaste, og har vore avgjerande for utviklinga til studien. KIT-studien er derfor designa i tråd med ønska til pasientane for studiedesign, inklusjonskriterium og kartlegging. PEK blir leia av erfaringskonsulent Anne A. Blindheim (Bergen), som også er medforskar i KIT. I tillegg har KIT brukermedverkarar ved alle dei andre KIT-lokasjonane som til saman er eit eige nasjonalt brukarråd for KIT leia av Blindheim. Brukarrådet vil ha eigne møte og gi råd og innspel på studieprosessen, og diskutere implementerings og formidlingsstrategiar.
KIT har også fått verdifull tilbakemelding og innspel frå Erfaringspanelet for psykisk helse og rus i Helse Bergen. I tillegg vil brukarutval og brukarorganisasjonar i Noreg ha ei viktig rolle i å formidle informasjon om KIT-studien og implementering av resultat. For tidlegare studiar av forskarar i KIT har brukarrepresentantar leidd eller delteke i seminar der forskingsfunn er presentert, og dessutan vore medforfattarar på vitskaplege artiklar og konferansepresentasjonar. Dette er også planlagt for KIT-studien.
KIT-prosjektet har i 2025 fått tildelt midler til PhD-stipendiat og medforsker som skal ha fokus på brukeropplevelse. Problemstillingene er valgt av PEK, og Erfaringspanelet psykisk helse har bidratt med spørsmål knyttet til pårørende. Vi skal undersøke:
1. Vil mennesker med psykose og plagsomme traumer som blir randomisert til traumebehandling integrert i standard behandling oppleve bedret hverdagsfunksjon sammenliknet med dem som kun mottar standard behandling?
2. Påvirker brukerens opplevelse av terapiallianse effekten av traumebehandlingen?
3. Påvirker brukerens opplevelse av støtte eller motstand fra pårørende eller nettverk effekten av traumebehandlingen?
Les meir om PEK: Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) - Helse Bergen HF
Les meir om erfaringspanelet psykisk helse og rus i Helse Bergen: Erfaringspanel - psykisk helse og rus - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)