Kva er eit traume?
Mange av oss vil oppleve traume på eit tidspunkt i livet, det vil seie ei oppleving som er trugande, skummel, overveldande, eller utanfor vår kontroll.

Vanlege traume er ulykker, å vere eit offer for fysisk eller seksuell vald, eller å vere i ein livstrugande situasjon som krig eller naturkatastrofe. Mobbing og det å ikkje bli tatt vare på som barn kan også vere traumatisk. For menneske med psykose kan det å ha opplevd skremmande opplevingar og vrangførestillingar vere eit traume, eller vanskelege møter med helsevesenet og bruk av tvangsmiddel.
Overlevande av traumer kan vere i sjokk, kjenne seg redd, skuldig, skamfull, sint eller sårbar. Med tida kjem dei fleste over opplevingane sine utan å trenge profesjonell hjelp. Men for ein stor del menneske kan effektane av traume vare mykje lenger. Traumer har ein tendens til å vere vanskelegare å komme seg frå viss det skjer fleire gongar, eller viss det skjer i barndommen.
Kva er posttraumatisk stressliding (PTSD)?
PTSD er ein diagnose som blir brukt viss ein har mange vedvarande plager etter traumer. PTSD har fire hovudgrupper av symptom:
- Gjenoppleving av minne eller kjensler frå traumet
- Ei auka kjensle av å vere i fare eller vaktsemd
- Unngåelse av påminningar om traumet
- Endringar i trua di på deg sjølv, verda, andre menneske, eller framtida di