Når ein strevar psykisk, kan terskelen for å vere fysisk aktiv vere ekstra høg. Difor tilbyr vi tilpassa fysisk aktivitet i ei trygg ramme, som gir barn og unge meistringsopplevingar, nye erfaringar med å vere fysisk aktive, og hjelp til å finne aktivitetar som kan passe for kvar enkelt.
Energiteamet tilbyr to gruppebehandlingar som hjelper barn og unge til å få det betre (Trygg. Aktiv, Glad - TAG) og/eller til å finne si eiga aktivitet (Våg og Vinn, VoV). Teamet tilbyr òg moglegheit for individuell oppfølging (FASIT). Du finn meir informasjon om programma under.
Sist oppdatert 16.01.2026
