Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
personer løper foran bygning. foto

Døgnavdeling Askøy

Rus- og avhengigheitsklinikken si mannspost ligg landleg til på Ask, på Askøy. Her blir frivillig døgnbehandling tilboden til menn over 18 år med eit langvarig og omfattande rusproblem. Seksjonen tek imot pasientar frå Helse Vest.

Askøy mannspost er ein behandlingsstad med 28 plassar fordelt på 2 postar.

Posten er tverrfagleg samansett av sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, hjelpepleiarar helsefagarbeidarar, treningsterapeutar, musikkterapeut, erfaringskonsulentar, legar og psykologar.

Behandlinga består av miljøterapi, trenings- og friluftsterapi, yoga og musikkterapi i tillegg til mentaliseringsbasert terapi (MBT), helse pedagogikk, utgreiing, individualterapi og refleksjons- og temagrupper.

Kontakt

Telefon

Sentralbordet Haukeland universitetssjukehus

55 97 50 00

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin

Postboks 1400

5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

inngangsparti askøy. foto

Haugane 8, Askøy

Haugane 8

5307 Ask

Tilvising til Rusmedisin Askøy

Fleire instansar kan tilvise deg til behandling hos seksjon Askøy. Slik kjem du til oss.
Tilvising til Rusmedisin Askøy
fellesområde sofa folk. foto