Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
bygning

Rusmedisin korttidspost Martens

Martens har ein korttidspost med 10 sengeplassar for både menn og kvinner. Posten ligg i rolege omgjevnader i Sandviken. Vi tilbyr avrusning og tidleg stabilisering. Posten tek i hovudsak imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp (ØH).

Martens tilbyr eit breitt tilbod for menn og kvinner som treng avrusning og stabilisering.


Vi gir behandling som kan inkludere:

  • Abstinensbehandling og medisinsk nedtrapping
  • Stabilisering og miljøterapi
  • Treningsterapi og musikkterapi
  • Psykologisk oppfølging

Vi legg stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmestring for å sikre ei heilskapleg behandling.

I underetasjen vår ligg tvangsposten til Rusmedisin AFR. 

Behandling

Behandlinga tek utgangspunkt i det du sjølv opplever og fortel om problema dine. Vi kartlegg omfang og symptom, hjelper deg å bli meir bevisst på utfordringane, og støttar deg i å halde oppe motivasjonen for endring. Behandlinga krev ein stor eigeninnsats og kan sjåast som hjelp til sjølvhjelp.

Meistring

Vi legg til rette for at du kan prøve nye måtar å meistre kvardagen på, slik at du får tilbake eit godt daglegliv. Vi har også fokus på meistring etter opphaldet, med samarbeid med hjelpetiltak og ein individuell plan.

Metode

Vi brukar fleire metodar, mellom anna:

  • Motiverande samtalar
  • Mentaliseringsbasert terapi
  • Kognitiv åtferdsterapi
  • Individuell jobbstøtte
  • Sosialfagleg arbeid
  • Treningsterapi og musikkterapi
  • Kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar

Fasilitetar

Pasientromma er store og lyse, dei fleste med eige bad og fin utsikt over byfjorden. Vi legg vekt på sunt og variert kosthald. 

Aktivitetar

Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, enten på vårt eige treningsrom eller i nærområdet saman med fysioterapeut. I tillegg har vi musikkterapeut på avdelinga ein dag i veka.

Tilsette

På Rusmedisin korttidspost Dr. Martens møter du ei tverrfagleg gruppe med brei kompetanse. Hos oss finn du erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog og fleire. Alle jobbar saman for å gi eit heilskapleg tilbod til pasientane våre.

 

 

 

 

Slik finn du fram

Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Du kan bruke bussar som går på E39/motorvegen til og frå Åsane.

Dersom du reiser frå Bergen sentrum:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Ta Øyjordsveien ved SPAR Øyjorden. Følg vegen 100 meter. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Dersom du kjem frå Åsane/Bergen Nord:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Bruk gangbrua over motorvegen og følg gangstien til Øyjordsveien. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Besøkande kan få parkeringsbevis i resepsjonen/hovudinngangen.

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.