Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Tvangspost Martens

Tvangspost Martens har ansvar for innlegging i institusjon etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstenestelova (HOL). Innlegging skjer når andre frivillige hjelpetiltak ikkje er nok eller formålstenlege. Vi samarbeider med pasienten og kommunen om vidare frivillig behandling.

Rus- og avhengigheitsklinikken handterer innleggingar etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstenestelova (HOL).Vi samarbeider med deg og kommunen om vidare behandling eller evaluering av opphaldet.
 
Hos oss ønskjer vi å skape eit trygt og roleg miljø, sjølv om innlegginga skjer utan samtykke. Målet vårt er å gi deg hjelp på ein måte som opplevast minst mogleg prega av tvang. Vi møter deg med respekt og tillit, og vi legg opp til behandling som er tilpassa dine behov.

Vi gir individuell behandling tilpassa deg og vi kartlegg andre psykiske eller somatiske diagnosar.

 

 

Slik finn du fram

Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 Les meir om parkering og prisar her 

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.