Informasjon til deg som har fått rett til behandling i Legemiddelassistert rehabilitering
Du har fått rett til behandling i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Dette er ein generell informasjon om behandlinga og kva moglegheiter du har i pasientforløpet og rehabiliteringa i LAR.
Målsetting
I LAR kan du gradvis oppnå ein betre livskvalitet.Saman med behandlaren din vil du få laga di eigen behandlingsplan og setja eigne mål for behandling og rehabilitering.
Behandlingens innhold og rehabilitering
Du får oppfølging av eit tverrfagleg team i Avdeling for rusmedisin, LAR. Dette består av behandlar, lege og psykolog. Du vil bli tildelt ein behandlar som er hovudkontakten din.
Før oppstart vil me i samråd med deg vedta kva LAR-legemiddel du skal bruka, og det vil bli utarbeidd ein plan for oppstart som følgjer tilrådingar i
Mål for behandlinga
I LAR jobbar vi saman for at du skal få betre livskvalitet. Du lagar din eigen behandlingsplan saman med behandlaren din og set eigne mål for behandling og rehabilitering.
Korleis fungerer behandlinga?
- Du får oppfølging av eit tverrfagleg team med behandlar, lege og psykolog.
- Behandlaren din er hovudkontakt.
- Før oppstart blir vi einige om kva legemiddel du skal bruke, og vi lagar ein plan som følgjer nasjonale retningslinjer.
- Dosen blir tilpassa deg. Nokre gonger kan det vere nødvendig med innlegging i starten.
Viktig om prevensjon
Når kroppen blir meir stabil, kan det bli enklare å bli gravid. Vi tilrår at par som ønskjer barn ventar til behandlinga er godt etablert. Du får hjelp til gratis undersøking og prevensjon via Kvinneklinikken.