Pålogging for pasientar
Digital oppfølging må avtalast med avdelinga/behandlaren på førehand. Om du har gjort ein slik avtale, kan du logga deg inn her. Om du ikkje har ein avtale, men ønskjer å vita meir, ta kontakt med avdelinga.
Digital oppfølging inneber at heile eller delar av behandlingstilbodet skjer digitalt utan at ein treng å reise til behandlingsstaden. Merk at du skal IKKJE logge deg på helsenorge.no for å svare digitalt.
Du kan enkelt registrere informasjon om helsetilstanden din digitalt. Det kan gi deg ei meir fleksibel oppfølging, der du slepp å møte opp på sjukehuset dersom det ikkje er nødvendig.
Digital oppfølging må avtalast med avdelinga/behandlaren på førehand. Om du har gjort ein slik avtale, kan du logge deg inn her. Om du ikkje har ein avtale, men ønsker å vite meir, ta kontakt med avdelinga.
Pålogging for pasientar (Checkware)
Etter at du har registrert opplysningane i nettportalen, blir dei lagra i journalsystemet.
Ta kontakt med di avdeling dersom du ikkje lenger ønskjer å nytte digital eigenregistrering.