Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) - pakkeforløp

Tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) er nemninga på rus- og avhengigheitsbehandling på spesialistnivå. Behandlinga er eit samarbeid mellom deg og personar med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Rus- og avhengigheitsproblem kan ramme menneske i alle aldersgrupper og lag av befolkinga. Personar som blir tilviste til TSB for sine ruslidingar eller for annan avhengigheitsproblematikk (spelproblematikk, bruk av anabole androgene steroider) får tilbod om nasjonale pasientforløp TSB. Det same gjeld pasientar som blir innlagde akutt, under tvang innanfor rusbehandlinga, eller er i fengsel med rus- og avhengigheitslidingar.

Pasientforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig.  Vi legg til rette for at du skal vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.

Når du får tilbod om pasientforløp i TSB, bør det sikrast eit samarbeid med dine pårørande og/eller andre instansar, ut frå dine ønske og behov.

For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting, har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørande som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Under "Kontakt", lenger ned på denne sida står telefonnummeret til forløpskoordinatoren hos oss.

Nasjonale retningsliner for behandling av rusavhengigheit (Helsedirektoratet)

 

 


 

 

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling for ditt rus- og avhengigheitsproblem i TSB, treng du ei tilvising. Dette kan du få frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å tilvise til TSB.

Du skal få tilbod om å vere med på å utforme di eiga tilvising til behandling, og saman med behandlaren skal du lage ein behandlingsplan. Når vi i spesialisthelsetenesta får tilvisinga di, vurderer vi om du har rett til helsehjelp i TSB, basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet. 



Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Østre Murallmenningen 7 Rusmedisin AFR

Kontakt Rusmedisin AFR

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.