LabVantage
LabVantage Biobank - Sporingssystem for forskningsprøver
LabVantage er ei digital løysing for sporing og dokumentasjon av forskingsprøver, kjøpt inn av Helse Vest for bruk i regionens forskingsbiobankar. Systemet gjer det mogleg å opprette biobankar med definerte protokollar for prøveinnsamling. I tillegg kan ein registrere både studiespesifikke og generelle parameter når prøver blir lagt inn.

LabVantage følgjer prøva frå innsamling til bruk, inkludert plassering i fysiske lagringseiningar som boksar og frysarar. Dette gir god dokumentasjon og sporbarheit gjennom heile livsløpet til prøva. Donorinformasjon kan registrerast med fødselsnummer (automatisk oppslag mot Folkeregisteret ) eller med studiespesifikke koblingsnøkkel. For studiarstedar utanfor Helse Vest brukes koblingsnøkkel og tilpassa Excel-ark som seinare blir importert til LabVantage.
LabVantage er tilgangsstyrt, noko som betyr at ein berre har tilgang til dei biobankane ein sjølv jobbar med.
Biobank Haukeland har ein automatisert arbeidsflyt der LabVantage er integrert med andre system og utstyr:
- Laboratorieinformasjonssystemet (LIS) ved Haukeland universitetssjukehus
- Pipetteringsrobot for alikvotering
- Hamilton BiOS for automatisert fryselagring
Desse integrasjonen gir effektiv og trygg handtering av biobankprøver til forsking.
Nye biobankar og protokollar i LabVantage blir oppretta i samarbeid med systemansvarlege i dei ulike helseregionane.