Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Forskingsfasilitetar på Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr ei rekkje kjernefasilitetar som støttar forskarar og prosjekt knytt til sjukehuset og universitetet. Desse fasilitetane gir tilgang til avansert utstyr, spesialisert kompetanse og teknisk støtte som kan bidra til høgare kvalitet og effektivitet i forskinga. På denne sida presenterer vi eit utval av tilgjengelege kjernefasilitetar og korleis du kan ta dei i bruk.

Kva er ein kjernefasilitet?

Ein kjernefasilitet er ei samla eining med avansert vitskapleg utstyr og høgt kvalifisert teknisk personell. Desse fasilitetane er tilgjengelege for forskarar og forskingsmiljø, uavhengig av institusjonstilknyting.

Målet med kjernefasilitetar er å:

  • sikre effektiv bruk av ressursar
  • fremje samarbeid på tvers av fagmiljø
  • gi fleire forskarar tilgang til spesialisert teknologi og kompetanse

Slik bidreg kjernefasilitetane til meir og betre forsking i regionen.


Ein kjernefasilitet er ei samling av vitskapeleg utstyr og høgt kvalifisert teknisk personale som vert gjort allment tilgjengeleg for forskingsmiljøa.

Kjernefasilitetane ved Det medisinske fakultet (MED) dekker viktige fellesfunksjonar ved UiB så vel som regionalt og nasjonalt.

Fasilitetane er tilgjengeleg for alle akademiske brukarar på same gunstige vilkår, og for kommersielle brukarar på UiBs vilkår for oppdragsforsking. 

Felles infrastruktur - meir forsking
Kjernefasilitetane ved MED er organisert i tråd med MEDs grunnprinsipp for felles infrastruktur. Målet med kjernefasilitetar er å sikre at ein får mest mogeleg forsking for dei tilgjengelege ressursane. 

Det medisinske fakultet (MED) - Grunnprinsipper for felles forskingsinfrastruktur

Spleiselag
Bidraget dei akademiske brukarane forpliktar seg til å gi, dekker deler av dei totale utgiftene, der ein stor del er avhengig av kva for teknologi det er snakk om. Resten av utgiftene, for eksempel når ein skal kjøpe nytt utstyr eller tilsette nytt personale, blir dekte gjennom spleiselag mellom dei involverte institusjonane og avdelingane. 

Kommersielle brukarar får same tilgang som akademiske brukarar, men betaler ein høgare pris. MEDS policy rundt kostnadsdeling og skillet mellom service og samarbeid  er tydeleg på at brukarbetalinga er uavhengig av medforfattarskap.

Nærleik til leiande forskarar
For at ein kjernefasilitet skal kunne yte best mulig service til miljøa er det eit mål at dei er tett integrert med forskarar som er leiande innan sine fagfelt. Bruk av kjernefasilitetar skal dermed vere eit meir attraktivt alternativ enn å kjøpe eiget utstyr og lønne eiget teknisk personale, både i høve til kostnadar og metodisk. 

Moderne utstyr
Erfaring tilseier at kjernefasilitetar er den beste og mest realistiske måten å gi forskingsmiljøa i Noreg tilgang til ein oppdatert og vedlikehalda instrumentpark, og til metodisk kunnskap dei sjølv ikkje har, og utstyr og personale forskingsmiljøa ikkje vil ha råd til.

Kjernefasiliteter ved Det medisinske fakultet-UiB

Forskingsstruktur i regionen

Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universitets- og høgskulesektoren i regionen har som mål å styrkje forskinga gjennom felles innsats. Forskissatsinga skal byggje vidare på den eksisterande kompetansen og infrastrukturen i regionen, slik at vi står fram som ein samla og sterk forskingsaktør.

Det skal vere:

  • Lik tilgang til forskingsinfrastruktur for alle partar
  • Sambruk av ressursar på tvers av institusjonar
  • Tett samarbeid mellom helseføretak og forskingsmiljø

Samarbeidsorganet har ein rådgivande funksjon i saker som gjeld forsking og innovasjon, og skal bidra til god koordinering og strategisk utvikling av forskingsaktivitetane i regionen.

Her kan du lese meir om Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon.

 

Klinisk forskingspost

Forskingsposten samarbeider med Universitetet i Bergen, og har to forskingseiningar; ei for vaksne og ei for barn.
Sjå meir om posten
En person som får et skudd

Mohn kreftforskingslaboratorium

Målet er å auke kompetansen innanfor kreftforsking og behandling, både på laboratoriet og i klinikken.
Besøk kreftforskingslaboratoriumet
En maskin med blått lys
Sist oppdatert 02.07.2025