Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Vidareutdanning i sjukepleie

Spesialsjukepleiarar og jordmødrer er etterspurt og kritisk kompetanse i Helse Bergen. Du er velkomen til å søke utdanningsstilling hjå oss innan følgande spesialitetar: Jordmor, anestesi-, barne-, intensiv- og operasjonssjukepleie.

Du kan søke løn fra Helse Bergen for å ta vidareutdanning innan sjukepleie.​

Søk på aktuelt studium ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Bergen. Det er årlege opptak, unntatt i barnesjukepleie som har opptak annakvart år (oddetal). 


Talet på utdanningsstillingar er basert på behov og budsjett, og kan variere frå år til år.  Når du har fått bekrefta studieplass ved HVL, campus Bergen kan du søke utdanningsstilling i Helse Bergen via stillingsannonse. 


Desse utdanningane er masterløp over fire semester, men gir kvalifisering som spesialsjukepleiar etter tre semester. Sjukehuset gir utdanningsstilling i tre semester og inneber arbeidsplikt under utdanninga, samt bindingstid på to år i etterkant. 


Dersom du ynskjer å skrive masteroppgåve (fjerde semester) kan du søke permisjon utan løn og få utsetting av bindingstid.

Nettside HVL: Master i spesialsykepleie

Søk på studiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Det er årlege opptak.


Talet på utdanningsstillingar er basert på behov og budsjett, og kan variere frå år til år. Når du har fått bekrefta studieplass ved HVL, kan du søke utdanningsstilling i Helse Bergen via stillingsannonse. 


Jordmorutdanninga er masterutdanning på to år. Sjukehuset gir utdanningsstilling gir til heile utdanninga og inneber arbeidsplikt under utdanninga og bindingstid på tre år i etterkant.


Nettside HVL: Jordmor - Høgskulen på Vestlandet

Sjukehuset gir årleg utdanningsstillingar til vidareutdanning innan kreftsjukepleie, psykisk helse- og rusarbeid (tverrfagleg), geriatrisk sjukepleie og nyfødt-sjukepleie. Utdanningsstillingane blir gitt tilsette i aktuelle einingar i samarbeid med leiar. 

Når det gjeld andre fagspesifikke vidare- og masterutdanningar i sjukepleie blir dette handtert lokalt i dei einskilde einingane.


Utdanningsstillingar blir gitt av sentrale midlar i sjukehuset og blir administrert av Kompetanseutvikling i Forskings- og utviklingsavdelinga.
 
Vilkår
•    Du får 100 % fast stilling i Helse Bergen 
•    Du må arbeide som sjukepleiar i 10 % knytt til helg/høgtid og 100 % i minimum 4 veker om sommaren under utdanninga
•    Du får 100 % fast stilling som spesialsjukepleiar/jordmor etter gjennomført utdanning i forhold til avtale
•    Bindingstida er tre år i full stilling for jordmødrer og to år i full stilling for anestesi-, barne-, intensiv- og operasjonssjukepleie. Ved behov for redusert stilling blir bindingstida forlenga tilsvarande
•    Helse Bergen avgjer, ut frå sjukehuset sitt behov, kvar du skal arbeide i bindingstida

Eline Vartdal Sætre
Rådgjevar, Seksjon for kompetanseutvikling
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: 918 04 537
eline.vartdal.setre@helse-bergen.no  

Kristina Maria Borge​
Rådgjevar, Seksjon for kompetanseutvikling
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: 95 85 70 49
kristina.maria.borge@helse-bergen.no​​

Sist oppdatert 19.02.2026