Laboratoriet på Neuro-SysMed
Laboratoriet på Neuro-SysMed utgjer viktig infrastruktur som er naudsynt for å støtte den kliniske og translasjonelle forskinga som går føre seg ved senteret. Kontora og laboratoriebenkane husar for tida over 40 personar, inkludert ingeniørar og forskarar på alle nivå – frå masterstudentar til professorar. Laboratoriet består av eit moderne våtlaboratorium og datatekniske fasilitetar. Vi har ein eigen laboratorieleiar, Hanne-Linda Nakkestad, som har ansvar for den daglege drifta av fasilitetane. I tillegg har vi teknikarar som hjelper til med handsaming av prøver frå dei kliniske studiane og med den translasjonelle forskinga.
Våtlaboratoriet inneheld følgjande utstyr:
- Generelt laboratorium for molekylærbiologi.
- Laboratorium for vevsprøver og morfologi/mikroskopi.
- Fasilitet for cellekultur.
- Utstyr for analyse av biomarkørar, mellom anna Simoa Quanterix-teknologi som kan måle svært små mengder av bestemte stoff i biologiske prøver. Biomarkørar er målbare teikn i kroppen som kan gi informasjon om til dømes sjukdom eller effekt av behandling.
- Utstyr for genetiske analysar, mellom anna 10X Chromium-utstyr som gjer det mogleg å analysere eit stort tal enkeltceller samtidig. I 2025 fekk laboratoriet òg nytt utstyr som kan vise kva gen som er aktive i ulike delar av ei vevsprøve. Metoden blir kalla romleg transkriptomikk.
- Utstyr for såkalla seed amplification assays (SAA), ein svært følsam metode som mellom anna kan brukast til å oppdage bestemte unormale protein knytte til nevrodegenerative sjukdommar.
- Ultrafrysarfasilitet inkludert ein hjerne- og vevsbank.
- Analyseutstyr for nanopartiklar (NTA) for karakterisering av ekstracellulære vesiklar (EV) (NanoSight).
Dataanalyse og bioinformatikk
Neuro-SysMed har òg ei eiga eining for bioinformatikk, som inneber bruk av dataverktøy og statistiske metodar for å analysere store mengder biologiske data.
Bioinformatikarane arbeider med heile prosessen, frå å klargjere rådata til avanserte analysar som kan avdekkje mønster og samanhengar i store datasett. Arbeidet blir leia av Gonzalo Sanchez Nido og Dimitrios Kleftogiannis.
Klinisk forskingseining
Kliniske studiar står heilt sentralt i Neuro-SysMed. Senteret har 37 kliniske studiar som er starta av forskarane sjølve, i tillegg til fleire studiar som er finansierte av legemiddelindustrien.
For å koordinere dette omfattande arbeidet har senteret ein klinisk koordinator på heiltid, Ingunn Anundskås, som ein del av kjerneteamet. I tillegg har senteret elleve forskingssjukepleiarar og deltidskoordinatorar frå forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Eininga for kliniske studiar samarbeider med den ansvarlege forskaren for kvar studie om planlegging og gjennomføring. Arbeidet omfattar mellom anna å utarbeide studieplanar, søkje om nødvendige etiske godkjenningar, finne sjukehus og andre senter som skal delta, rekruttere pasientar og følgje opp gjennomføringa av studiane. Eininga bidreg òg til kvalitetssikring og analyse av data.
Senteret har eit eige rom for trygg oppbevaring, pakking og merking av legemiddel som blir brukte i kliniske studiar. Dette blir administrert av ein eigen legemiddelkoordinator.
Eininga planlegg òg studiar som forskarar ved Neuro-SysMed tek initiativ til i samarbeid med andre forskarar eller industrien. Dette gjer det mogleg for norske pasientar å delta i nasjonale og internasjonale studiar som går føre seg ved fleire sjukehus eller forskingssenter. Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus bidreg med koordinering og avtalar i kliniske studiar som er finansierte av industrien.
Neuro-SysMeds administrasjon
Senterleiarar er Charalampos Tzoulis og Kjell-Morten Myhr, saman med Yamila Torres Cleuren som har det overordna ansvaret for den daglege leiinga av senteret. Yamila støttar forskarane i søknadar om ekstern finansiering og leiar implementeringa av Neuro-SysMed sin strategi for forsking og innovasjon. Mona Machrouh er administrativ senterkoordinator i 50 %. I tillegg til personell som er aktivt involvert i koordinering av laboratorium, data og kliniske studiar, har Neuro-SysMed ein kommunikasjonskonsulent i 30 % (Eli Vidhammer) og ein koordinator for forskarskulen i 20 % (Agnete Engelsen). Administrasjonen får vidare støtte frå administrasjonen ved vertsinstitusjonane og partnarane når det gjeld økonomi, personal og generell administrasjon.
