Samtidig er det eit stort behov for nye behandlingar som ikkje berre lindrar symptom, men også kan bremse eller påverke sjukdomsutviklinga. Dette er eit viktig mål for forskinga ved Neuro-SysMed.
Vi har fleire kliniske studiar på Parkinsons sjukdom, der vi undersøker nye behandlingsmoglegheiter på ein trygg og systematisk måte. Gjennom desse studiane ønskjer vi å gi pasientar tilgang til forskingsbasert behandling og bidra til betre behandling for framtida.
Kontakt:
For meir informasjon om studiane under, eller om du ønsker å vere deltakar i ein studie, kan du sende ein e-post til neurosysmedstudier@helse-bergen.no
Pågåande kliniske studiar og plattformer i Parkinson-gruppa i Bergen
- NADAPT: Ein randomisert, kontrollert studie i fase II av behandling med NAD-tilskot for atypisk parkinsonisme
- SLEIPNIR: Ei plattform for kliniske studiar for Parkinsons sjukdom
- HYDRA: Ein adaptiv klinisk studie med fleire behandlingsarmar og fleire fasar for Parkinsons sjukdom
- NADream: Ein randomisert, dobbeltblind studie for undersøking av effekt av behandling med NAD-tilskot på søvnfysiologi
- NADage: Ein randomisert, dobbeltblind studie av behandling med NAD-tilskot mot funksjonsfall ved aldring
- NOR-RBD: Ei longitudinell plattform for kohortar og kliniske studiar for α-synukleinopatiar i prodromal fase
- STRAT-PARK: Ein prospektiv multimodal kohortstudie for stratifisering av Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar
- D-SPARK: Ei randomisert dobbeltblind klinisk studie av D-serin for å bremse utviklinga av Parkinsons sjukdom
Avslutta kliniske studiar i Parkinson-gruppa i Bergen
- NAD-PARK: Nikotinamidbehandling for Parkinson sykdom
- Park-Ome
- Nedsatt mitokondrie-homeostase som ein cellemodell for nevrodegenerasjon
- NR-SAFE: Ein studie av sikkerheit og toleranse for høg dose av NR oralt ved Parkinsons sjukdom
- N-DOSE: Ein studie av doseoptimalisering av nikotinamid ribosid ved behandling for Parkinsons sjukdom.
- NADbrain: Ein farmakokinetisk studie av NAD-tilførsel i blod og hjerne
- NOPARK: Ein randomisert, kontrollert studie i fase III av behandling med nikotinamid ribosid i tidleg Parkinsons sjukdom
- NOPARK-forlengelsesstudien: Langtidsbehandling med nikotinamid ribosid i Parkinsons sjukdom
- ActiveAgeing, DIGIPARK: Studie som utforskar bruken av bærbare sensoreiningar for registrering av adferd og symptom hos heimebuande personar med Parkinsons sjukdom
- The REASON study, led by Biogen: A Study to Evaluate the Safety, Tolerability, and Pharmacokinetics of BIIB094 in Adults With Parkinson's Disease.
Sist oppdatert 03.07.2026
