Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En gruppe mennesker i laboratoriefrakker

Prosjektfinansiering

Forskinga ved Neuro-SysMed er støtta av ei rekkje nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. Ekstern finansiering er avgjerande for at vi skal kunne utvikle nye forskingsprosjekt, gjennomføre kliniske studiar, byggje opp forskingsinfrastruktur og vidareutvikle samarbeid med andre forskingsmiljø og næringslivet.

In English

Neuro-SysMed blei opphavleg etablert som eit senter for klinisk behandlingforsking med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har sidan arbeidd målretta med å sikre langsiktig finansiering av forskinga og vidareføre sentrale satsingar også etter den opphavlege finansieringsperioden.

Dette arbeidet har resultert i fleire store tildelingar frå norske og internasjonale finansieringskjelder.

Internasjonale organisasjonar bidreg mellom anna til forsking på Parkinsons sjukdom og multippel sklerose (MS). Til dømes har Cure Parkinson’s nyleg tildelt 15 millionar kroner til SLEIPNIR-prosjektet, medan EBV-MS Hop-On-initiativet har fått 5,5 millionar kroner. SPARK-NS har i tillegg tildelt 22 millionar kroner til ein klinisk studie av D-serin og eit nytt samarbeid om kliniske studiar.

Også nasjonale finansieringsordningar støttar fleire av dei kliniske studiane ved Neuro-SysMed. KLINBEFORSK har mellom anna tildelt 25 millionar kroner til HYDRA, ei satsing på kliniske studiar innan Parkinsons sjukdom, og 13 millionar kroner til MS-prosjektet NEMESIS.

Noregs forskingsråd støttar fleire delar av verksemda, mellom anna prosjekt som skal bidra til at forskingsfunn kan utviklast vidare mot praktisk bruk og samarbeid med næringslivet. Senteret har òg fått støtte til forskingsinfrastruktur – utstyr og felles ressursar som gjer det mogleg å gjennomføre avansert forsking.

Helse Vest og Universitetet i Bergen bidreg med finansiering av forskarstillingar og forskingsprosjekt. Slik støtte er viktig både for å gjennomføre forskinga og for å utdanne nye forskarar og byggje kompetanse for framtida.

Langsiktige satsingar

To større satsingar er med på å vidareføre og utvikle forskinga som er bygd opp gjennom Neuro-SysMed.

Mohn-senteret for nevroproteksjon er etablert med 50 millionar kroner i støtte og skal bidra til vidare forsking på korleis ein kan beskytte nerveceller mot skade og sjukdom.

SFI-senteret for nevroresiliens (ICoN) har fått ei finansiering på 250 millionar kroner. Senteret skal styrkje forsking og innovasjon og leggje til rette for samarbeid mellom forskingsmiljø og næringsliv.

Desse og andre eksternt finansierte prosjekt gjer det mogleg å byggje vidare på kompetansen, infrastrukturen og samarbeida som er utvikla gjennom Neuro-SysMed. Dei bidreg også til at forsking på tvers av sjukdommar og fagområde kan halde fram, med eit felles mål om å utvikle betre diagnostikk og behandling for pasientar med nevrologiske sjukdommar.

Sist oppdatert 19.08.2026