Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Haukeland skal vekse mot sør

Sentralblokkas framtid har vore på agendaen i fleire år. No er viktige val for framtida tatt.

Publisert 03.04.2025
Haukelandsområdet - utbygginngområder markert

- Vi treng eit Haukeland som er stort nok, og som dekker behova vi har i framtida. Som regionssjukehus på Vestlandet må vi være ambisiøse, både for pasientane våre og dei som skal jobbe her, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

I utgreiingsarbeidet om Sentralblokkas framtid vart det klart at det ikkje er mogeleg å rehabilitere, bygge på og bygge om slik at alle behov vert dekka. I eit år har difor 10 arbeidsgrupper greia ut, skissert og vurdert ulike konsept, og val av utbyggingsalternativ er tatt i programstyret. 2. april har styret i Helse Bergen gitt si tilslutning i saka.   

- Vi klarer ikkje å løyse Sentralblokkas behov i Sentralblokka. Derfor har vi sett oss rundt, og ønsker å bygge nytt på sørtomta, seier Hansen. Dette alternativet gjer det mogeleg å etablere eit nybygg som er stort nok til at vi kan flytte ut og utvide viktige funksjonar, og samtidig skjerme pasientar og tilsette, i så stor grad som mogeleg, i ei omfattande og langvarig ombygging av Sentralblokka. Alternativet inkluderer også nybygg på Verkstadstomta og ombygging av Sentralblokka. Samla vil dette kunne dekke det framskrivne, om noko usikre, behovet for kapasitet for dei ulike funksjonane, seier Hansen.  

Konseptutgreiinga er planlagt i to fasar, og videre arbeid i 2025 omhandlar fase 1. Konseptrapport for fase 1 skal ferdigstillast i løpet av hausten 2025, og legg grunnlag for lånesøknad til Helse- og omsorgsdepartementet:  

  • Fase 1: Ombygging av Verkstadstomta og ombygging i Sentralblokken (konsept ferdig desember 2025) .  
  • Fase 2: Ei større utbygging på sørområdet   

Den tentative tidslinja for realisering av innhaldet i konseptrapporten, det vil sei ferdigstilling av bygg er:  

  • Verkstadstomta ferdig 2032  
  • Større areal på sørtomta ferdig 2036  
  • Ombygging i Sentralblokken fram til 2052
     

- Vi vil gjere arbeidet etappevis, og tar høgde for at fase 1 kan leve saman med resten av Haukelandsområdet, utan at vi forventar at finansieringa for trinn 2 kjem med ein gong. Men vi må beskrive både heilskapen i konseptet og totalkostnaden, seier Hansen.  

Totalt anslag for begge fasane er 22,6 milliardar kroner.

Dei tre alternativa 

  1. Sentralblokka, Verkstadstomta og Lokket
    Vel Fjellknausen, mister moglegheit for større utvikling på sørområdet​

  2. Nye sengekors på Sentralblokka​
    Ta ut parkering​
    Verkstadstomta og Fjellknausen

  3. Nybygg sørtomta (valt løysing)
    Full utnytting sørtomta
    Verkstadstomta

Utgreiinga fortset

Alternativet med sørtomta som no er valt er det som er minst utgreia, men samtidig det som har størst potensiale.

- Det er også eit grundig arbeid som ligg til grunn for avgjerda vår. 10 arbeidsgrupper har i eit år jobba frem framskriving av tenestetilbodet, inkludert "omrekning" til arealbehov, definert organisatoriske konsept inkludert nærleiksbehov, og utarbeida dei ulike alternativa, fortel leiar for konseptarbeidet, Helge Bergmann.  

Valet er tatt basert på måla for konseptarbeidet og med rammene om å bevare nyleg realiserte funksjoner (til dømes Mottaksklinikken, operasjonseiniga dag/thorax og helikopterplattformen), minimere flytting av kliniske funksjoner, få til klinisk forbetring innan 5 år, og realisere løysingane og konseptet i fasar. 

Veit vi kven som skal inn på Verkstadstomta?  

- Dette er noko av det vi raskt må avklare, men slik det ser ut no er avdeling for patologi og sengeposter aktuelle. Vi må sikre at fase 1 gir den kapasitetsutvidinga vi treng når bygget står ferdig. Vi vil også vurdere Sentralforsyninga, dersom  det er plass og hensiktsmessig. Men dette er blant det som skal avklarast i det komande året, seier Bergmann.  

Vidare blir det arbeidd med å beskrive profil og innhald i baseetasjane i Sentralblokka. Programstyret har gitt klare føringar knytt til prioriteringar, dette omfatter operasjon, intensiv, Medisinsk undersøkelse, HINT og sengar. Samstundes er det slik at kapasiteten i dei ulike funksjonane heng saman, slik at vi også må sikre nødvendig kapasitetsauke i andre funksjonar, som til dømes mottak og røntgen.

- Massiv involvering, både i konseptarbeidet og via informasjon og drøfting i AMU og FAMU er gjennomført før avgjerda vart tatt i programstyret i januar. God involvering vidare er heilt avgjerande for å sikre gode løysinger.

Vegen vidare  

Eit byggeprosjekt på sørområdet i dette omfanget vil påverke mange, og prosjektet må gjennom ein reguleringsprosess.   

- Vi treng eit større sjukehus på Haukeland. I samband med reguleringssaken vil vi starte dialog med dei miljøa som vert påverka av utbygginga, mellom anna Statens Vegvesen og Vestland fylkeskommune. For at reguleringsprosessen skal gå mest mogeleg rasjonelt ønsker vi at innhaldet og verksemda i bygget er godt skildra fra vår side, og vi bør ha ei klar oppfatning om korleis bygget skal bli. For å sikre eit best mogeleg resultat ønsker vi å gjennomføre ein arkitektkonkurransefor sørområdet. Vi må sjølv beskrive innhald og funksjonelle krav, mens arkitektane best kan beskrive korleis dette kan utformast, seier Bergmann.  

No fortset eit omfattande, men viktig arbeid for framtidas sjukehus på Haukelandsområdet.  

- Vi veit det er mykje som skal på plass før alt dette kan realiserast, men vi trur og meiner at det dette vil gje oss eit fantastisk sjukehus som løyser behova våre - både på kort og lang sikt. No gler vi oss til å fortsette dette viktige arbeidet, seier Hansen.