Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Det vesle ekstra på Haukeland
Frivilligkorps
Eit møte med sjukehuset kan vere eitt av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.
Våre frivillige skal vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset, utan å vere ei erstatning for dette. Vi er populære, og mange avdelingar ønsker hjelp frå dei frivillige. Vi treng heile tida påfyll av frivillige for å møte behova ved sjukehuset.
Etasjevertar
Viser veg til ulike postar, bygg og stader
Følger pasientar
Går ærend til butikken, kiosken, apoteket
Følger til kiosk, røykerom, apotek, kafè, butikk, byen
Leiker / er saman med barn
Avlastar foreldre
Er følge på venterom
Går med bokvogn på avdelingane
Gå ein tur i parken, på terrassen eller i nærområdet
Bistår med andre ting når det er behov
Frivilligkoordinator Mona Vindenes
Vakttelefon: 902 67 193
Berre ta kontakt om du lurer på noko
Frivillige utfører ikkje-obligatoriske tenester, og vil vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset
Frivillige inngår ein avtale med sjukehuset og får kursing og oppfølging
Starta opp i mai 2016
Det er behov for frivillige både på dagtid og ettermiddagstid
Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig.
Vi søker frivillige som er imøtekommande og vennlege, kontaktskapande og glad i utfordringa som ligg i møtet med nye menneske. Vi ønskjer oss personar av begge kjønn, alle aldre (over 16 år), med forskjellig kulturell bakgrunn. Du må kunne gi av tida di og ha lyst til å bidra til glede for andre. Vi ønskjer at du kan norsk.
Alle som ønsker å vere frivillige, går gjennom ein rekrutteringsprosess:
Informasjon: Alle interesserte får informasjon om tenesta frå frivilligkoordinator
Intervju: Alle aktuelle kandidatar blir intervjua av frivilligkoordinator og representant for Personalavdelinga
Samarbeidsavtale: Haukeland universitetssjukehus og den frivillige inngår ein samarbeidsavtale
To-kveldars kurs: Meir praktisk informasjon om sjukehuset, kultur og verdiar, etikk og kommunikasjon, plikter og rettar i høve til pasientar.
Løpande oppfølging: Alle frivillige medarbeidarar blir følgde opp av frivilligkoordinator
Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig. E-post: mona.vindenes@helse-bergen.no Mobil: 902 67 193
Som frivillig får du anledning til å dele av tida di og evnene dine. Når du vel å bruke tida di på dette arbeidet, får andre menneske glede og nytte av det du kan bidra med.
Det er også mykje nyttig læring i dette oppdraget, både gjennom kurs, god oppfølging og dei møta du får med menneska på Haukeland universitetssjukehus.
Alle som ønskjer det kan få attest for jobben dei gjer som frivillig.