Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Endre eller avbestille time

Du kan sjekke timeavtalene dine og skrive meldingar til sjukehuset via helsenorge.no

Innkallingsbrev på helsenorge.no

Dersom du får innkallingsbrev frå sjukehuset finn du det ved å logge deg inn på helsenorge.no.

Ved å logge deg inn på helsenorge.no får du 

  • oversikt over dine timeavtalar
  • kan lese viktige opplysningar om timen din og eventuelle førebuingar
  • Sende ei melding til avdelinga du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

 

Endring /avbestilling av time

Vi ber deg unngå endring av timar dersom mogleg. Vi brukar mykje ressursar på å  planlegge og koordinere helsepersonell i forhold til  kvar enkelt timeavtale i speisalisthelsetenesta. Ver merksam på at byte av time kan føre til at du må vente lenger.

Vi anbefalar at du ringer avdelinga som er avsendar av brevet i følgande situasjonar:

  1. Ved planlagde operasjonar. Ved undersøkingar som krev førebuingar, som for eksempel justering av medisinar eller tømming av tarm.
  2. Dersom du har fått fleire avtalar etter kvarandre i same brev. Det kan vere at vi er avhengig av at desse avtalane blir utført i ein bestemt rekkefølge.
  3. Dersom du blir akutt sjuk siste 24 timar før avtalen. 

Beskjed via Helsenorge

Når du opnar innkallingsbrevet i innboksen din på helsenorge.no får du tilgang til ein svarknapp. Den kan du bruke for å gi beskjed. Må du endre timen, anbefalar vi at du sender beskjed så snart som mogleg via helsenorge.no. .Logg inn for å endre time

Du kan også sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen,eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar. 

Gebyr dersom du ikke møter opp

Dersom du ikkje kjem til timen, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr. Har du time på ein mandag, må du gi beskjed seinast fredagen før. 
Her er en oversikt på helsenorge over pasientbetaling på sjukehus og i poliklinikk for ulike pasientgrupper

Timeavtalar for barn

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du logger deg inn på helsenorge.no på  vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalene til barnet.

Les meir om tilgang til journal og timeavtalar på vegne av barn og unge på Helsenorge 

Brev per post

Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Sist oppdatert 16.07.2026