Haukeland skal vekse mot sør
Sentralblokkas framtid har vore på agendaen i fleire år. No er viktige val for framtida tatt.
Sentralblokka var ferdig bygd i 1983, og vart høgtideleg opna 23.november same år. Nær 40 år etter gjekk startskotet for det omfattande arbeidet med å rehabilitere, bygge om og vidareutvikle dette landemerket i Bergen. Vi skal gjennomføre den største ombygginga i Haukelands historie. Alle avdelingane skal vere i ordinær drift, samstundes som dei skal rokkere rundt under bygginga.
Sentralblokkas framtid har vore på agendaen i fleire år. No er viktige val for framtida tatt.