Kor nøgd er du med maten på sjukehuset?
Vi ønskjer di tilbakemelding for å kunne forbetre mattilbodet til pasientane.
Som inneliggjande pasient får du servert mat på avdelinga du ligg på. Det finst òg fleire tilbod for kjøp av mat og drikke på sjukehusområdet.
Alle inneliggjande pasientar får fire hovudmåltid dagleg. Middagane er dei same for alle pasientgrupper. Lunsjtilbodet kan variere mellom avdelingar.
Dei fleste avdelingane på sjukehuset har eigne spisestover. Her blir måltida serverte i ei roleg og triveleg ramme av eige kjøkkenpersonell. Spisestovene tilbyr frukost, lunsj, middag og kveldsmat.
Mellom måltida er spisestovene òg opne for pasientar som ønskjer noko lett å ete eller drikke. Då kan du til dømes få frukt, yoghurt, kjeks, nøtter og drikke.
Opningstider kan variere mellom avdelingane.
Tidspunktene kan variere noe fra sengepost til sengepost.
Frukost: 08.00 – 09.00
Lunsj: 12.00 – 13.00
Middag: 15.30 – 16.30
Kvelds: 19.30 – 20.30
Pasientar i rus- og psykisk helsevern får servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat på avdelinga dei er innlagde på.
Korleis måltida blir organiserte, og kva mat som blir servert, kan variere mellom einingane. Nokre stader blir måltida serverte i fellesareal, medan andre einingar har eigne ordningar.
Dersom du har behov andre tilpassingar i kosten, som spesialkost eller vegetarkost, kan vi tilby dette. Gi beskjed til personalet på avdelinga.
Det finst kaféar og ein kantine inne på sjukehusområdet på Haukeland. Desse er opne for alle.
Kiosken Deli de Luca funn du i foajeen i Sentralblokka. Her finn du mellom anna salat, påsmurte bagettar og bakervarer, i tillegg til andre kioskvarer. Sjå opningstidene her (delideluca.no).
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøkken og spisesal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar, pårørande og besøkande. Les meir om Haukeland hotell her.