Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskar i kvit frakk på Neuro-SysMed sitt laboratorium.

Fasilitetar og kjernepersonell

Neuro-SysMed utgjer eit støtteapparat for våre pågåande kliniske og translasjonelle forskingsprosjekt, samt for utvikling og etablering av nye prosjekt. Dette omfattar dedikert personell og infrastruktur.

Laboratoriet på Neuro-SysMed

Laboratoriet på Neuro-SysMed utgjer viktig infrastruktur som er naudsynt for å støtte den kliniske og translasjonelle forskinga som går føre seg ved senteret. Kontora og laboratoriebenkane husar for tida over 40 personar, inkludert ingeniørar og forskarar på alle nivå – frå masterstudentar til professorar. Laboratoriet består av eit moderne våtlaboratorium og datatekniske fasilitetar. Vi har ein eigen laboratorieleiar, Hanne-Linda Nakkestad, som har ansvar for den daglege drifta av fasilitetane. I tillegg har vi teknikarar som hjelper til med handsaming av prøver frå dei kliniske studiane og med den translasjonelle forskinga.

Våtlaboratoriet inneheld følgjande utstyr:

  • Generelt laboratorium for molekylærbiologi.
  • Laboratorium for vevsprøver og morfologi/mikroskopi.
  • Fasilitet for cellekultur.
  • Biomarkørfasilitet, inkludert ein Simoa Quanterix-plattform for digital påvising av biomarkørar.
  • Genomikkfasilitet, med ein eigen 10X Chromium-plattform for høg-effektiv, parallell enkeltcelleanalyse.
  • Utstyr for Seed-Amplification Assay (SAA).
  • Ultrafrysarfasilitet inkludert ein hjerne- og vevsbank.
  • Analyseutstyr for nanopartiklar (NTA) for karakterisering av ekstracellulære vesiklar (EV) (NanoSight).

Vi utfører avansert databehandling gjennom ekspertar innan bioinformatikk som arbeider med ulike analysar av store datamengder – frå førehandsprosessering av rådata til avanserte overvaka og ikkje-overvaka analysemetodar. Eininga blir leia av Gonzalo Sanchez Nido og Dimitrios Kleftogiannis.

Klinisk forskingseining

Kliniske studiar står i sentrum for verksemda ved Neuro-SysMed. Senteret har 37 forskarinitierte kliniske studiar i tillegg til fleire studiar i samarbeid med legemiddelindustrien. For å handtere dette store talet på studiar har vi ein klinisk koordinator i full stilling, Ingunn Anundskås, som ein del av kjerneteamet vårt, i tillegg til tolv forskingssjukepleiarar og koordinatorar i deltid frå forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus (HUH).

Den praktiske planlegginga av dei kliniske studiane – inkludert protokollar, etiske godkjenningar, rekruttering av studiestader, oppfølging og liknande – samt pasientrekruttering, gjennomføring, datamonitorering og -analyse, blir koordinert av vår kliniske forskningseining saman med hovudansvarleg forskar (PI) for kvar studie.

Vi har eit eige medisinrom, administrert av vår medikamentkoordinator, for oppbevaring, pakking og merking av medisin som nyttast i dei kliniske studiane våre. Forskingseininga planlegg studiar initierte av Neuro-SysMed-forskarar i samarbeid med eksterne forskarar eller industrien, og legg til rette for pasientdeltaking i nasjonale og internasjonale multisenterstudiar. Forsking- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus bidreg med koordinering og forhandlingar av industrisponsa kliniske studiar.

Neuro-SysMeds administrasjon

Senterleiarar er Kjell-Morten Myhr og Charalampos Tzoulis, medan Yamila Torres Cleuren har det overordna ansvaret for den daglege leiinga av senteret. Yamila støttar forskarane i søknadar om ekstern finansiering og leiar implementeringa av Neuro-SysMed sin strategi for forsking og innovasjon. Mona Machrouh er administrativ senterkoordinator i 50 % (i foreldrepermisjon eit år frå sommaren 2025). I tillegg til personell som er aktivt involvert i koordinering av laboratorium, data og kliniske studiar, har Neuro-SysMed ein kommunikasjonskonsulent i 30 % (Eli Vidhammer) og ein koordinator for forskarskulen i 20 % (Agnete Engelsen). Administrasjonen får vidare støtte frå administrasjonen ved vertsinstitusjonane og partnarane når det gjeld økonomi, HR og generell administrasjon.

Sist oppdatert 27.05.2025