Alle gruppene på senteret har ansvar for organisering av kursa og seminara i forskarskulen. Målet er fremje høg kvalitet i utdanninga for ph.d.-kandidatar og andre studentar, og å gi eit solid grunnlag for forskinga deira.
Forskarskulen har som mål å tilby relevante kurs som gir dei studiepoenga (ECTS) som trengst i ph.d.-utdanninga ved Universitetet i Bergen. Eit anna viktig mål er å skape eit ambisiøst og inspirerande miljø som motiverer til vidare forsking – både blant unge og etablerte forskarar – og å hjelpe dei med å bygge nettverk som kan vere viktig for karrieren vidare.
Forskarskulen i translasjonell nevrovitskap ved Neuro-SysMed blir koordinert av Agnete Engelsen i samarbeid med leiinga ved Neuro-SysMed.
Forskarskulen er ein modul ved Universitetet i Bergen, og meir informasjon om kursa er tilgjengeleg på universitetet sine nettsider.