In English
Aldersforskingsnoden til Neuro-SysMed består av Senter for alders- og sykehjemsmedisin, SEFAS.
Nodeleiar: Bettina Husebø
Bettina Husebø, MD, PhD, er professor og leiar for SEFAS, som i 2024 voks frå 12 til 22 tilsette, og talet aukar framleis ettersom senteret er i ferd med å utvide verksemda si. Professor Husebø er spesialist i anestesiologi, intensivbehandling, palliasjon og sjukeheimsmedisin. Den kliniske forskinga hennar har er retta mot metodeutvikling og randomiserte, kontrollerte intervensjonsstudiar, som omfattar både sjukeheimsbeboarar og heimebuande personar med demens. Ho har særleg fokus på kartlegging og behandling av smerte, nevropsykiatriske og åtferdsrelaterte symptom, medikamentgjennomgangar og behandling ved livets slutt. Det siste arbeidet hennar tek i bruk ei tverrfagleg tilnærming innan teknologi, smarte bumiljø og kunstig intelligens for friske eldre og personar med komplekse sjukdommar, som demens og Parkinsons sjukdom (PS). Ho er òg ein sentral samarbeidspartnar i Demensnoden til Neuro-SysMed.
Nodeaktivitetar
Aldersforskingsnoden arbeider med å betre forståinga vår av kva god aldring er, og støttar helse- og omsorgstenestene i å utvikle behandling og omsorg av høg kvalitet og bærekraft. Dei jobbar for at samfunnets eldre skal få ein sunn og sjølvstendig alderdom, og har som mål å støtte både uformelle (pårørande) og formelle (helsepersonell) omsorgsgjevarar. Arbeidet deira inneber nyskapande metodar for symptomkartlegging, tiltak utan medisinar, og nytenkande tenestetilbod og bumiljø. Dette inkluderer innovativ bruk av sensorteknologi som omfattar både aktive og passive sensorar integrerte i personen sitt nærmiljø, samt digital fenotyping – det vil seie å fastslå ein person sine kjenneteikn gjennom digitale data, som data frå smartklokker, smartringar og veggmonterte sensorar. Aktivitetane til noden blei sterkt utvida i 2024 då prosjekta CC.AGE og 5-D rekrutterte fleire forskarar ved sidan av allereie etablerte prosjekt, og gjennom tildelinga av det nye prosjektet EI ROBOT.
Noverande studiar
CC.AGE: Trond Mohns forskingsstifting og Universitetet i Bergen gav i 2023 ei stor tildeling til SEFAS for å etablere Senter for samansette sjukdommar og aldring (CC.AGE). Her undersøker ein bruk av ny teknologi og innovativ eldreomsorg for å betre livet til heimebuande eldre med samansette sjukdommar. CC.AGE starta opp i 2024.
5-D-studien, Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital thanotyping (5-D), er eit unikt prosjekt støtta av Det europeiske forskingsrådet (ERC), der ein undersøker korleis sensorteknologi kan brukast til å kjenne igjen symptom hos personar med demens ved livets slutt. Ved å samle data frå sjukeheimsbebuarar skal prosjektet utvikle metodar og verktøy for meir presis forståing av smerte og symptom i livets sluttfase. 5-D inkluderer to delstudiar:
- DIPH.DEM, som kartlegg endringar i aktivitet hos personar med demens i livets sluttfase, og
- ORAL.DEM, som vurderer tannhelsa til personar med demens ved livets slutt og identifiserer dei beste tiltaka for å få betre tannpleie til denne gruppa.
DARK.DEM er ein randomisert, kontrollert studie som testar om virtuelt mørke kan dempe uro hos personar med demens. Studien er finansiert av Forskingsrådet og Universitetet i Bergen og har som mål å betre diagnostikk og behandling av åtferdsutfordringar og psykiske symptom ved demens i både spesialist- og kommunehelsetenesta.
EI ROBOT, Emotion-Intelligent Robot System for People with Impaired Cognition, er eit nytt prosjekt i samarbeid med Vitalthings (Norge), Mentech (Nederland) og SARA B.V. (Nederland), med støtte frå EU-programmet Eureka Eurostars, Forskingsrådet og Netherlands Enterprise Agency. Målet er å utvikle eit emosjonelt-intelligent robotsystem for å betre livskvaliteten til personar med demens eller andre kognitive utfordringar i langtidsinstitusjonar gjennom personleg tilpassa samhandling, samtidig som ein gjev avlastning for omsorgspersonellet.
ActiveAgeing-studien består av to delar: DIGI.PARK og Helgetun-prosjektet.
- Helgetun utforskar, med ein kvalitativ tilnærming, korleis det å bu i eit innovativt, fellesskapsbasert miljø påverkar livet til eldre menneske. Helgetun er eit nyskapande og unikt buprosjekt som legg til rette for aktiv aldring gjennom fasilitetar for fysisk, psykisk og sosial aktivitet. Målet er at bebuarane skal kunne bu heime lenger og med betre helse.
- DIGI.PARK er ein observasjonsstudie basert på kvantitativ forsking, der ein undersøker bruk av berbare sensorar for symptomsporing hos heimebuande personar med Parkinsons sjukdom (PD).