Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon med papirklipp av eit hovud med haustlauv som bles ut av hovudet.

Demens og kliniske studiar

Demens er eit samlebegrep for fleire sjukdommar som påverkar hukommelse, tenking, språk og evna til å meistre kvardagen. Alzheimers sjukdom er den vanlegaste forma for demens, men det finst også fleire andre variantar, mellom anna demens med Lewy-legemer og Parkinsons sjukdom-demens. Neuro-SysMed arbeider med fleire prosjekt for å få meir kunnskap om alle typar demens, med målet om betre behandling og forebygging.

I dag lever stadig fleire lenger, og behovet for ny kunnskap om demens har aldri vore større. Samtidig skjer det store framsteg innan forsking, diagnostikk og utvikling av nye behandlingar. Vi får stadig betre innsikt i kva som skjer i hjernen før symptoma oppstår, noko som opnar for tidlegare diagnostikk og meir målretta behandling.

Ved Neuro-SysMed arbeider vi aktivt med forsking på ulike demenssjukdommar. Målet er å forstå sjukdomsprosessane betre, utvikle nye behandlingsstrategiar og finne måtar å oppdage sjukdom tidlegare på. Gjennom kliniske studiar bidreg vi til å bringe ny kunnskap frå laboratoriet til pasientane.

Vår forsking på demens har som mål å:

  • auke kunnskapen om kvifor demens oppstår og utviklar seg
  • utvikle betre metodar for tidleg diagnostikk
  • identifisere biomarkørar som kan gi meir presise diagnosar og betre oppfølging
  • legge til rette for meir persontilpassa behandling
  • teste ut nye behandlingsstrategiar gjennom kliniske studiar
  • bidra til å førebyggje eller bremse sjukdomsutviklinga

Gjennom forskinga vår ønskjer vi å gi pasientar og pårørande håp om betre diagnostikk, betre behandling og ei betre framtid for menneske som blir ramma av demens.

Sist oppdatert 03.07.2026