Rituksimab er ei etablert behandling som reduserer aktiviteten til bestemte immunceller (B-celler) som spelar ei viktig rolle i utviklinga av MS. Mange pasientar opplever god effekt av behandlinga, og i Noreg har det vore vanleg å gi rituksimab kvar sjette månad.
Nyare erfaringar tyder likevel på at effekten av behandlinga kan vare lenger enn tidlegare antatt. For mange pasientar kan det derfor vere mogleg å auke tida mellom kvar behandling utan at sjukdommen blir meir aktiv. Dersom dette er trygt og effektivt, kan det bety færre sjukehusbesøk og redusert risiko for enkelte biverknader.
I REDUCE-MS ønskjer forskarane å undersøkje om behandling kvart 24. månad gir like god vern mot sjukdomsaktivitet som behandling kvart 12. månad hos pasientar som har hatt stabil sjukdom over tid.
Studien vil inkludere deltakarar som har fullført OVERLORD-MS-studien og som ikkje har hatt nye symptom eller teikn til sjukdomsaktivitet på MR-undersøkingar dei siste åra.
Kva er målet med studien?
Målet er å finne ut om eit lengre intervall mellom behandlingane kan:
- gi same kontroll over sjukdommen som dagens praksis
- redusere risikoen for biverknader
- gjere behandlinga enklare og mindre belastande for pasientane
- bidra til meir persontilpassa behandling av MS
Korleis er studien bygd opp?
REDUCE-MS er ein randomisert og dobbeltblind studie. Det betyr at deltakarane blir fordelte tilfeldig mellom behandlingsgruppene, og at verken pasientane eller forskarane veit kva gruppe den enkelte tilhøyrer undervegs i studien.
Forskarane samanliknar:
- rituksimab kvar 12. månad
- rituksimab kvar 24. månad
Deretter undersøker dei kor godt behandlinga hindrar ny sjukdomsaktivitet og kor trygg behandlinga er over tid.
Status
Studien er planlagt å starte rekruttering i andre kvartal 2026.
Deltakarane vil bli rekrutterte blant personar som har fullført OVERLORD-MS-studien og den påfølgjande overgangsperioden på seks månader.
Deltakande sentre
Noreg
- Haukeland universitetssjukehus, Bergen
- Oslo universitetssjukehus, Oslo
- Akershus universitetssjukehus, Lørenskog
- Stavanger universitetssjukehus, Stavanger
- Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Tromsø
- Nordlandssjukehuset, Bodø
- Namsos sjukehus
- Molde sjukehus
- Sørlandet sjukehus, Kristiansand
- Telemark sjukehus, Skien
- Vestre Viken, Drammen
Sverige
- Karolinska Institutet, Stockholm
Finansiering
Studien er støtta av:
- Noregs forskingsråd gjennom Neuro-SysMed
- Helse Vest
- Haukeland universitetssjukehus
- Universitetet i Bergen
- DAM-stiftelsen
Kontakt
For meir informasjon om studien eller spørsmål om deltaking, kontakt:
neurosysmedstudier@helse-bergen.no