Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NADage: Ei studie av om NAD-forsterkande behandling kan bidra til sunnare aldring

Skrøpelegheit hos eldre aukar risikoen for funksjonstap, kognitiv svikt og demens. NADage-studien skal undersøkje om nikotinamid ribosid (NR), som aukar nivåa av energimolekylet NAD i kroppen, kan betre fysisk funksjon, styrke og kognitiv helse hos eldre personar med skrøpelegheit.

Bakgrunn

Etter kvart som vi blir eldre, opplever mange redusert fysisk kapasitet, lågare energinivå og større sårbarheit for sjukdom. Nokre utviklar det som blir kalla skrøpelegheit («frailty»), ein tilstand der kroppen blir mindre robust og dårlegare rusta til å handtere belastningar som sjukdom, skadar eller andre påkjenningar.

Skrøpelegheit er ein viktig årsak til redusert livskvalitet, tap av funksjon og behov for helse- og omsorgstenester. Tilstanden er også knytt til auka risiko for kognitiv svikt og demens.

Fordi skrøpelegheit ofte oppstår før alvorleg hjernesjukdom utviklar seg, kan dette vere eit viktig tidspunkt for å setje inn tiltak som styrker helse og funksjon.

Forsking frå både laboratoriestudiar og kliniske studiar tyder på at nikotinamid ribosid (NR) kan påverke biologiske prosessar som er viktige for aldring og hjernesjukdom. NR blir omdanna til NAD (nikotinamid-adenin-dinukleotid), eit molekyl som er avgjerande for energiproduksjonen i cellene.

NAD spelar ei viktig rolle for mellom anna:

  • energiforsyninga i cellene
  • funksjonen til mitokondria, cellene sine «kraftverk»
  • cellene si evne til å handtere skadar og avfallsstoff
  • regulering av betennelsesprosessar i kroppen og hjernen

NAD-nivåa blir lågare med aukande alder. Forskarane ønskjer derfor å undersøkje om auka NAD-nivå kan bidra til betre fysisk og mental funksjon hos eldre personar.

Design

NADage er ei randomisert, dobbeltblind og placebokontrollert studie.

Hundre eldre deltakarar med skrøpelegheit skal inkluderast i studien. Deltakarane blir tilfeldig fordelte til éi av to grupper:

  • NR-behandling: 2000 mg dagleg (1000 mg to gonger dagleg)
  • Placebo

Behandlinga varer i 52 veker.

Gjennom studieperioden skal deltakarane møte til fem undersøkingar ved sjukehuset (veke 0, 12, 26, 40 og 52). Her blir det gjennomført kliniske testar, laboratorieundersøkingar og hjerneavbilding. I tillegg vil deltakarane bruke berbare måleeiningar («wearables») som registrerer aktivitet og funksjon over tid.

Mål med studien

Det viktigaste målet med NADage er å undersøkje om NR kan betre fysisk funksjon og rørsleevne hos eldre personar med skrøpelegheit.

Forskarane vil også undersøkje om behandlinga påverkar:

  • styrke og fysisk kapasitet
  • kognitiv funksjon og hukommelse
  • dagleg funksjon og meistring
  • biologiske markørar for aldring og hjernehelse
  • hjernen si struktur og funksjon

Studien skal gi ny kunnskap om korleis NAD-forsterkande behandling kan påverke aldringsprosessar og bidra til å fremje sunn aldring.

Viktigaste målepunkt

Det primære målet i studien er å undersøkje om behandling med NR kan betre motorisk funksjon hos eldre personar med skrøpelegheit som bur heime.

I tillegg vil forskarane undersøkje ei rekkje andre mål knytte til fysisk, kognitiv og generell helse.

Status

Finansieringa er på plass, og screening av deltakarar starta i fjerde kvartal 2024.

Rekrutteringa byrja i første kvartal 2025, og ved utgangen av 2025 var 22 deltakarar inkluderte og randomiserte til behandling.

Deltakande senter

  • Haukeland universitetssjukehus, Bergen

Finansiering

  • Horizon Europe – ERA4Health (NutriBrain-programmet)
  • Norges forskingsråd (Neuro-SysMed)
  • Haukeland universitetssjukehus
  • Universitetet i Bergen
  • DAM-stiftelsen
  • GC Rieber Fondene

Meir informasjon

For meir informasjon eller dersom du ønskjer å delta i studien, kontakt:

neurosysmedstudier@helse-bergen.no

Sist oppdatert 02.07.2026