Bakgrunn
God søvn er viktig for både fysisk og psykisk helse. Forsking viser at endringar i søvnmønster og søvnkvalitet heng tett saman med aldring av hjernen og med nevrodegenerative sjukdomar som Parkinsons sjukdom, demens med Lewy-legeme, multippel systematrofi (MSA) og Alzheimers sjukdom.
Tidlegare studiar frå forskingsgruppa på personar med Parkinsons sjukdom har gitt indikasjonar på at behandling med nikotinamid ribosid (NR) kan ha positive effektar på søvn. Liknande funn er også gjort i dyrestudiar. Til no har det likevel ikkje vore gjennomført eigne kliniske studiar som systematisk undersøker korleis NR påverkar søvn hos menneske.
NR er eit stoff som kroppen omdannar til NAD (nikotinamid-adenin-dinukleotid), eit molekyl som spelar ei sentral rolle i energiproduksjonen i cellene. NAD er viktig for normal cellefunksjon, og nivåa blir naturleg lågare med aukande alder. Forskarar undersøker derfor om auka NAD-nivå kan bidra til betre helse og hjernefunksjon.
Design
NADream er ei randomisert, dobbeltblind og placebokontrollert fase I-studie.
Studien omfattar 20 friske frivillige deltakarar som blir tilfeldig fordelte til éi av to grupper:
- NR-behandling (2000 mg dagleg)
- Placebo
Behandlinga varer i fire veker.
Ein del av deltakarane skal også gjennomføre to periodar med kontrollert søvnmangel – ein ved starten av studien og ein etter avslutta behandling. Dette gjer det mogleg å undersøkje om NR påverkar kor raskt kroppen og hjernen hentar seg inn att etter manglande søvn.
Søvnen blir undersøkt ved hjelp av polysomnografi, ei avansert søvnregistrering som måler mellom anna hjerneaktivitet, augebevegelsar, pust og søvnstadium gjennom natta. I tillegg blir det samla inn kliniske data og biologiske prøver.
Mål med studien
NADream er ei utforskande studie som skal gi ny kunnskap om samanhengen mellom NAD og søvn.
Forskarane ønskjer spesielt å finne ut:
- om NR kan påverke søvnkvaliteten
- om NR endrar søvnmønster og søvnfysiologi
- om NR påverkar korleis kroppen reagerer på og kjem seg etter søvnmangel
- om NAD-forsterkande behandling kan ha potensial til å betre søvn både hos friske personar og ved sjukdom
Kunnskapen frå NADream vil også bli brukt til å utvikle og forbetre framtidige studiar av NAD-behandling ved nevrodegenerative og nevroinflammatoriske sjukdomar.
Viktigaste målepunkt
Dei viktigaste måla i studien er å undersøkje:
- endringar i søvnkvalitet målt med søvnregistreringar og spørjeskjema
- endringar i søvnfysiologi målt ved polysomnografi
- korleis deltakarane toler og hentar seg inn att etter søvnmangel
Status
Studien fekk finansiering og ferdig studieprotokoll i perioden 2024–2025.
Rekrutteringa starta i andre kvartal 2025, og fem deltakarar er så langt inkluderte i studien.
Deltakande senter
- Haukeland universitetssjukehus, Bergen
Finansiering
- Norges forskingsråd (Neuro-SysMed)
- Haukeland universitetssjukehus
- Universitetet i Bergen
Meir informasjon
For meir informasjon eller dersom du ønskjer å delta i studien, kontakt:
neurosysmedstudier@helse-bergen.no