Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

STRAT-PARK-studien: Ei prospektiv multimodal kohortstudie for å klassifisere Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar

STRAT-PARK er ein internasjonal forskingsstudie som følgjer deltakarar over tid for å få ei betre forståing av Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar. Sjølv om mange får same diagnose, veit vi at sjukdomsforløpet kan vere svært ulikt frå person til person. Vi trur at dette kjem av ulike biologiske mekanismar som påverkar korleis sjukdommen utviklar seg og korleis den enkelte responderer på behandling.

Målet med STRAT-PARK er å identifisere slike biologiske forskjellar og bruke denne kunnskapen til å dele pasientar inn i meir presise undergrupper. På den måten kan vi leggje grunnlaget for meir persontilpassa behandlingar og meir målretta kliniske studiar i framtida.

Studien omfattar personar med:

  • Parkinsons sjukdom (PD)
  • Demens med Lewy-legeme (DLB)
  • Progressiv supranukleær parese (PSP)
  • Multippel systematrofi (MSA)
  • Kortikobasalt syndrom (CBS)

Vi kombinerer kliniske undersøkingar med biologiske prøvar, avansert hjerneavbilding og genetiske analysar for å forstå sjukdomane betre og identifisere biomarkørar som kan brukast i framtidig diagnostikk og behandling.

STRAT-PARK skal bidra til å:

  • identifisere biologiske undergrupper av Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar
  • utvikle biomarkørar som kan gi meir presise diagnosar
  • leggje til rette for meir målretta kliniske studiar
  • finne betre metodar for å følgje sjukdomsutvikling og behandlingseffekt
  • bidra til utvikling av persontilpassa behandlingar

På sikt kan denne forskinga gjere det lettare å tilby rett behandling til rett pasient til rett tid.

Status

STRAT-PARK er ei pågåande studie. Ved utgangen av 2025 var om lag 365 deltakarar rekrutterte. Dei første resultata er publiserte, og analysane av innsamla data held fram.

Deltakande sentre

  • Haukeland universitetssjukehus, Bergen
  • St. Olavs hospital, Trondheim
  • London Movement Disorders Centre og Centre of Excellence for Parkinson's Disease, London, Ontario, Canada

Finansiering

Studien er støtta av:

  • Michael J. Fox Foundation
  • Gerda Meyer Nyquist Guldbrandson og Gerdt Meyer Nyquist sitt legat
  • Helse Midt-Noreg
  • Noregs forskingsråd / Neuro-SysMed
  • Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

For meir informasjon om studien eller mogleg deltaking:

neurosysmedstudier@helse-bergen.no

Sist oppdatert 03.07.2026