Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein mann i labfrakk som skriv på ei tavle

Visjon, mål og strategi

Neuro-SysMed er eit norsk senter for framifrå klinisk behandlingsforsking, med fokus på fire nevrologiske sjukdommar: multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom (PD), amyotrofisk lateral sklerose (ALS) og demenssjukdommar, inkludert Alzheimers sjukdom og demens med Lewy-legemer.

In English

Det overordna målet til Neuro-SysMed er å utvikle nye behandlingar og betre behandlingsstrategiar. Senteret legg til rette for tidleg tilgang til nye behandlingar for pasientar over heile Norge gjennom deltaking i nasjonale og internasjonale randomiserte kliniske studiar. Det endelege målet vårt er å redusere byrden sjukdommane legg både på den enkelte og på samfunnet.

Senteret har etablert ein omfattande og nyskapande støttestruktur for å møte dei udekte behandlingsbehova til personar i Norge som må leve med desse fire sjukdommane. På denne måten gir vi pasientar frå heile landet tilgang til banebrytande behandlingar, og vi arbeider for å utvikle meir målretta og persontilpassa behandling. Konkret arbeider Neuro-SysMed vidare med å:

  • oppdage nye medisinar gjennom både avansert databehandling (in silico) og laboratoriebaserte testar (in vitro), og vurdere dei i nye sjukdomsmodellar

  • gjennomføre kliniske studiar og bringe forsking på høgt nivå ut til pasientane

  • utvikle biomarkørar for å stille sikrare og tidlegare diagnose, dele pasientar inn i undergrupper, gje betre behandlingseffekt og utvikle presisjonsmedisin

  • kunne gjere kvardagen lettare for dei som må leve med sjukdommane, og gje dei betre livskvalitet

  • innføre systemmedisin i norsk nevrologi

Plan og strategi

Dei kliniske studiane ved Neuro-SysMed er ein sentral del av arbeidet vårt. Prøver og data frå desse studiane legg grunnlaget for den translasjonelle forskinga ved senteret, der forskingsprosjekta skjer på tvers av ulike grupper og fagområde for å nå felles mål.

Neuro-SysMed organiserer og gjennomfører randomiserte kliniske studiar for å vurdere effekt og tryggleik av behandlingar. Vi brukar både nye og etablerte medikament, ofte med nye bruksområde, som kan bidra til å bremse eller stoppe sjukdomsutviklinga, redusere symptom eller gi betre behandling for dei som er ramma.

Sjølv om kvar studie har sine eigne forskingsspørsmål og mål for behandlingseffekt, bidreg alle prosjekta med data – som klinisk score, DNA- og RNA-data, analysar av blod og ryggmargsvæske, vevsprøver og bilete av hjernen. Slike data kan brukast til å oppdage biomarkørar som gjer det mogleg å stille tidleg og presis diagnose, dele pasientar inn i undergrupper innan kvar sjukdom, vurdere behandlingseffekt og utarbeide betre prognosar og meir tilpassa behandling for kvar enkelt pasient.

Systemmedisin er eit viktig fokusområde, og der har Parkinson-noden vår særleg ekspertise. ParkOme-prosjektet har kartlagt molekylære profilar frå vevsprøver frå over 1300 hjernar frå avdøde personar med Parkinsons sjukdom og andre nevrodegenerative sjukdommar. Dette har resultert i den største hjerne-omikkdatabasen for Parkinson i verda. I denne studien blei ein ny undertype av Parkinson identifisert, basert på mangel på mitokondriefunksjon.

Arbeidet med å utvikle kliniske biomarkørar held fram innan alle dei fire sjukdommane vi forskar på. Vi har òg utvikla fleire cellemodellar som blir brukte til å teste og oppdage nye behandlingar. I tillegg gjer vi store framsteg innan digital (in silico) medikamentscreening, der vi gjer nytte av norske helseregister for å styrkje arbeidet med å finne effektive behandlingar.

Sist oppdatert 27.05.2025