Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fire personar i laboratoriefrakkar i konsentrert arbeid i laboratorium.

Prosjektrådgjeving og prosjektutvikling

Neuro-SysMed held eit høgt nivå på forskingsaktiviteten ved senteret. Dette er ei kontinuerleg satsing som ikkje berre har styrka forskingsresultata, men òg har lagt til rette for vellukka utvikling av nye prosjekt og gode tilslag på ekstern finansiering.

In English

Ansvarleg for denne støttefunksjonen er dagleg leiar Yamila Torres Cleuren.

Senteret er i full aktivitet medan vi held fram med å bygge sterke vitskaplege samarbeid og konsortia. Det er gledeleg å sjå fruktene av arbeidet vårt gjennom nye og vidare samarbeid både nasjonalt og internasjonalt, noko som har resultert i betydeleg finansiering til prosjekta våre.

Den dynamiske og tverrfaglege tilnærminga vår gjer det mogleg å utvikle nyskapande prosjekt på tvers av forskingsgruppene, der vi utnyttar den breie kompetansen som finnast ved senteret.

Ein av våre største styrkar er forsking på tvers av dei nevrologiske sjukdomsgruppene. Gjennombrot innan eitt område, som til dømes Parkinsons sjukdom (PS), blir omsett til framsteg innan ALS, demens og MS. Dette samspelet har ført til nye prosjekt både på laboratoriet og i kliniske studiar, takka vere samarbeidet mellom forskingsgruppene våre.

Vi har òg gjort framsteg med å sikre europeisk forskingsstøtte, noko som er avgjerande for langsiktig suksess i forskingsprosjekta våre. Å auke oppmerksemda på senteret har vore eit viktig satsingsområde, slik at prosjekta våre kan nå utover landegrensene og styrkje både nasjonalt og internasjonalt samarbeid, og ikkje minst personane som lever med desse sjokdommane.

Eit godt døme på suksessen vår i år er det nye europeiske prosjektet «NADage», som vi styrer og som starta i 2025. Prosjektet har fått finansiering frå ERA4HEALTH-programmet «Nutribrain». Denne støtta er eit viktig løft og eit prov på Neuro-SysMed si aukande internasjonale anerkjenning.

I 2024 støtta Helse Vest støtta oss med to doktorgradsprosjekt, eitt postdoktorprosjekt, eit klinisk stipend, tre opne prosjektmidlar til kliniske og translasjonelle prosjekt, samt ei strategisk forskingsløyving på 20 millionar kroner. KLINBEFORSK finansierte vår første nasjonale demensstudie med 25 millionar kroner, medan Forskingsrådet gav kommersialiseringsstøtte til to nye prosjekt. I tillegg har Universitetet i Bergen, private gjevarar, pasientorganisasjonar og stiftingar gitt viktig støtte, spesielt til prosjekt i oppstartsfasen.

Sist oppdatert 27.05.2025