Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nylege høgdepunkt

Det er gledeleg å sjå fruktene av arbeidet vårt, noko som har resultert i betydeleg finansiering til prosjekta våre.

Ein mann og kvinne, begge forskarar, som ser på en dataskjerm med tabellar

Foto: Neuro-SysMed, Eivind Senneset

Styrken ved tverrfagleg samarbeid

Dimitrios Kleftogiannis fekk i 2024 si første opne prosjektstøtte frå Helse Vest, med oppstart i 2025 for prosjektet «Assisting personalised treatment decisions in multiple sclerosis using data-driven immunological signatures».

«At vi lukkast med å få denne støtta frå Helse Vest viser det store behovet for betre pasientinndeling og meir personleg tilpassa behandling ved MS. Prosjektet er eit godt døme på styrken i det tverrfaglege samarbeidet ved senteret vårt, der vi samlar kompetanse frå klinisk nevrologi, immunologi og bioinformatikk. Nøye planlegging, val av tydeleg definerte kohortar og bruk av høgkvalitetsdata frå pågåande kliniske studiar gjer det mogleg for oss å utvikle ny kunnskap, samstundes som vi sikrar validering av dei datastøtta funna våre. Engasjementet frå samarbeidspartnarane våre, den sterke støtta frå leiinga ved Neuro-SysMed og den uvurderlege rettleiinga frå forskingsrådgjevaren vår var avgjerande for søknaden.»

Støtte til HYDRA-plattforma

Irene Hana Flønes fekk si første større tildeling av midlar i 2024 med 20 MNOK frå Helse Vest sitt program for strategisk forskingsstøtte, til å opprette prosjektet “HYDRA – an adaptive design, multi-arm, multi-stage platform trial for PD.”

«HYDRA er ein del av vårt norske initiativ med fleire behandlingsarmar og fasar, med det overordna målet å finne behandlingar som kan stoppe sjukdomsutviklinga hos personar med Parkinsons sjukdom. Tildelinga av midlar som trengst for å etablere HYDRA-plattforma hadde ikkje vore mogleg utan innsatsen til professor Tzoulis og forskingsgruppa DECODE-PD, Neuro-SysMed og forskingsrådgjevaren der, samt kollegaene våre ved nevrologiavdelingane over heile Norge, noko som var og er heilt avgjerande for dette arbeidet.»

Sist oppdatert 27.05.2025