Frå førebygging til innovasjon: Høgdepunkt frå Neuro-SysMed-symposiet 2025
Onsdag 19. november 2025 avslutta Neuro-SysMed sitt årlege symposium 2025 etter to inspirerande dagar fylt med deling av banebrytande forsking, samarbeid, nettverksbygging og livlege diskusjonar. Dei 150 engasjerte deltakarane fekk høyre om dei nyaste framstega innan nevrologisk forsking og diskuterte framtidige gjennombrot.

Foto: Neuro-SysMed, Eivind Senneset, Agnete Engelsen
Symposiet vart innleia med ein heil dag med møte for EBV-MS-konsortiet (leia av Neuro-SysMed) og fleire demensforskingsteam i lag med pasientorganisasjonar. EBV-MS-prosjektet er eit stort EU-finansiert forskingsinitiativ som fokuserer på å forstå rolla til Epstein-Barr-viruset (EBV) i multippel sklerose. Desse møta understreka kor viktig internasjonalt samarbeid er for å løyse komplekse nevrologiske sjukdommar.
Dag 1: Nærmare førebygging
Den første dagen på Neuro-SysMed-symposiet framheva det imponerande framskrittet som er gjort den siste tida mot førebygging av sjukdom. Når det gjeld multippel sklerose (MS), verkar det som at det som ein gong verka umogleg, no er nærare enn nokon gong.
Christian Münz (Zürich), Gavin Giovannoni (London) og Fredrik Piehl (Stockholm) heldt spennande innlegg som belyste ulike sider av dette. Utviklinga blir følgt med stor interesse av forskarar innan alle dei andre nevrodegenerative sjukdommane.
Alberto Ascherio (Boston), Arcadi Navarro Cuartiellas (Barcelona) og Johannes J. Gaare (Bergen) følgde opp med perspektiv på førebygging utover MS. Ascherio understreka behovet for grundige longitudinelle studiar for å klargjere rolla til virusinfeksjonar i Alzheimer og bane veg for førebyggande tiltak. Navarro peika på integrerte strategiar for livslang hjernehelse, tidleg oppdaging og personleg tilpassa førebygging, medan Gaare delte innsikt frå Neuro-SysMed sin NOR-RBD-studie som har som mål å utvikle biomarkørar for prediksjon og risikostratifisering.
Dagen enda med spennande nyheiter frå andre Neuro-SysMed-studiar. Særleg merksemd fekk dei positive resultata som Øivind Torkildsen presenterte frå den store fase 2/3-studien OVERLORD-MS, som markerer ein viktig milepel i MS-forskinga.
Dag 2: Samarbeid og innovasjon i studiedesign
Den andre dagen fokuserte på samarbeid på tvers av plattformstudiar innan MS, Parkinson, ALS og demens, og synte korleis delte tilnærmingar kan gje fortare framgang. Vi utforska òg innovative studiedesign som kan totalt kome til å endre måten klinisk forsking blir gjennomført på.
Fleire døme frå Storbritannia viste overtydande modellar for korleis vi kan endre tilnærminga til kliniske studiar:
- Suvankar Pal (Edinburgh) presenterte MND-SMART, ein adaptiv studiedesign for motornevronsjukdom som gjer det mogleg å teste fleire behandlingar raskare, med biomarkørbasert innsikt og pasientmedverknad.
- Thomas Foltynie (London) og Camille Carroll (Newcastle) introduserte EJS ACT-PD, ein landsdekkande Parkinson-plattformstudie som legg til rette for fjern-deltaking og effektiv evaluering av sjukdomsmodifiserande behandling.
- Paresh Malhotra (London) skisserte planane for AD-SMART, ein berekraftig plattform for Alzheimer som prioriterer lovande medisinar og inkluderer digitale utfall og pasientinvolvering.
- Jeremy Chataway (London) presenterte OCTOPUS-studien, ein banebrytande plattformstudie med fleire behandlingsarmar og fleire fasar for progressiv MS, designa for å effektivt kunne teste allereie kjente behandlingar for andre sjukdommar, m.a. behandlingar som metformin og alfa-liponsyre.
Xavier Montalban (Barcelona) gav eit framtidsretta perspektiv på kva som kan utgjere den «ideelle studiedesignen» i ei tid med høgeffektive MS-behandlingar.
Neuro-SysMed følgde opp med Charalampos Tzoulis sin presentasjon av SLEIPNIR og HYDRA-initiativa for Parkinson, med mål om å bygge ei heilskapleg forskingsløype – frå grunnleggjande mekanismar til kliniske studiar i seinfase – alt innanfor ein felles nasjonal struktur som gjer prosessen raskare og meir effektiv.
Marcus Werner Koch (Calgary) diskuterte bruken av Simon Two-Stage-design for å kunne gjere fase 2-testing fortare i progressiv MS, Alzheimer og Parkinson. Dette ville gje ein kostnadseffektiv måte å screene lovande behandlingar og betre studiedeffektivitet.
Postersesjon og prisar
Postersesjonen omfatta 29 vitskaplege plakatar som spegla breidda og djupna i pågåande forsking. Publikum stemte fram Julia Saltyte Benth som vinnar av publikumsprisen for beste poster med arbeidet «Parkinson’s disease enhances sex differences in semantic fluency and processing speed.»
Komitéprisen gjekk til Casper Sandvik for posteren «Characterization and Regenerative Properties of Small Extracellular Vesicles from Transdifferentiated Mesenchymal Stem Cells in Multiple Sclerosis.»
Gratulerer til begge vinnarane og til alle som presenterte, det var 29 framifrå bidrag!
Vi rettar ein stor takk til alle deltakarar, foredragshaldarar og posterpresentørar for å gjere symposiet til slik ein suksess! Engasjementet og dedikasjonen var inspirerande og stadfestar styrken i vårt felles mål om å fremje nevrologisk forsking og betre pasientbehandling.
Ei helsing frå direktøren
Direktøren for Neuro-SysMed, professor Charalampos (Haris) Tzoulis, vil også takke alle som bidrog:
– Dette var to dagar med stimulerande vitskapsdeling, inspirerande diskusjonar og nye samarbeid – akkurat det eit vitskapsmøte skal handle om. Vi er utruleg takksame til alle foredragshaldarar – både lokale og internasjonale – og kollegaene våre som sørga for at møtet gjekk knirkefritt, seier Haris.