Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Samarbeidsmøte
Ulike former for samarbeidsmøte er nødvendige for at barnet eller ungdommen skal få ein heilskapleg og koordinert habiliteringsoppfølging. Deltakarane i prosjektet har beskrive nytteverdiane av gode samarbeidsmøte og utfordringar knytt til dei. Det blei og laga ein mal på korleis ein kan sikre at møta er nyttige for alle partar, og fører til utvikling/forbetring og nødvendige, konkrete avgjerder og handlingar.
For barn/ungdom og pårørende:
Tenestene framstår som samlet - felles fokus.
Godt klima der ein tør å komme med aktuelle problemstillingar.
Tydelegare fokus på ungdom/pårørande sine behov.
Pårørande veit kven som gjer kva.
Treng ikkje fortelje historia si mange gonger.
For tjenestene:
Alle tenestene blir verdsette - likeverdige tenester.
Ein jobber målretta.
Tydeleg avklaring på forventningar/arbeidsfordeling ansvarsområde.
Tid til førebuing og undersøke på førehand.
Koordinator/kontaktperson for ansvarsgruppa har ikkje alltid opplæring i møteleiing.
Alle har ikkje alltid same forståing for at systemet bør framstå samla.
At deltakerne har mandat til å ta sitt ansvar, og tek ansvaret sitt.
Manglande deltaking frå nødvendige aktørar.
Før møtet:
Beskrivande innkalling (saksliste) som er utarbeidd i dialog med pasient/føresette blir send ut i god tid.
Avklare referent.
Nødvendige avklaringar/kartleggingar blir gjort før møtet.
Kan vere nødvendig med eit formøte utan pasient/pårørande (med samtykke) for å samordne tenestene.
Undervegs i møtet:
Presentasjonsrunde.
Møteleiar har ein plan for tida og går igjennom tidsplanen.
Tydeleg struktur og ramme i møtet – god møteleiing.
Alle tenester får høve til å uttale seg.
Alle i møtet er kjende med ansvarsoppgåvene til kvar enkelt i møtet.
Ein blir samde om kven som gjer kva og når.
Dato for neste møte blir bestemt.
Etter møtet:
Referat blir sendt ut til alle i kort tid etter møtet.