Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Haukeland hotell
Hos Norlandia Care Haukeland Hotell er målet vårt å bidra til eit mest mogleg normalisert tilvære for personar som er pasientar ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr eit profesjonelt og trygt hotellopphald, der rammene, servicen og fasilitetane er utforma for å gi ei tydeleg hotellkjensle – samtidig som nødvendig helsefagleg tryggleik er vareteken.
Haukeland Hotell er eit alternativ for pasientar som ikkje har behov for innlegging med døgnkontinuerleg tilsyn og pleie, men som har behov for nærleik til sjukehuset. Opphaldet hos oss gir føreseielegheit, struktur og komfort, i eit hotellmiljø som legg til rette for restitusjon og ro utan å vere institusjonelt.
Opphald og fasilitetar
Hotellet har 179 moderne og funksjonelle rom. Alle rom har eige bad, TV og gratis trådlaust internett, og er tilrettelagt for eit komfortabelt og praktisk hotellopphald. Det er også mogleg for pårørande å bu saman med pasienten, dersom dette er ønskjeleg og formålstenleg.
Vi legg vekt på profesjonell drift, god tilgjengelegheit og tydelege rammer – slik ein forventar av eit hotellopphald.
Tryggleik og tilgjengelegheit
Resepsjonen er døgnbemanna av tilsette med solid sjukepleiefagleg kompetanse. Dette sikrar at profesjonell hjelp alltid er tilgjengeleg, og gir både pasientar og pårørande auka tryggleik gjennom heile opphaldet.
Alle rom er utstyrte med to nødalarm knappar med direkte samband til sjukepleiar i resepsjonen, slik at hjelp raskt kan tilkallast ved behov.
Alle pasientar og pårørande som sjølve bestiller rom ved Haukeland hotell, betaler for overnattinga direkte til hotellet ved ankomst.
For pasientar og eventuell pårørande som er kalla inn av sjukehuset som eit ledd i behandlinga, vil sjukehuset bestille og dekkje rom på hotellet.
Det er behandlande lege/avdeling ved Haukeland universitetssjukehus som avgjer om opphaldet ved hotellet blir dekt.
For reservasjon av rom for gjester som betaler sjølve:
Gjeldande prisar pr. oktober 2025 for betalande gjester:
Enkeltrom: kr 1210,- pr. døgn inkl. frukost
Dobbeltrom: kr 1820,- pr. døgn inkl. frukost
Dersom sjukehuset dekkjer opphaldet for pasienten, og ein ledsagar ønskjer å bu på same rom som pasienten, er prisen kr 535,- pr. døgn inkl. frukost for ledsagaren.
Prisane blir regulerte årleg i oktober.
Kvilerommet ligg i 1. etasje på hotellet og kan nyttast av alle gjestane våre.
Leikerom for dei minste borna ligg i 1. etasje på hotellet.
Hotellet har eige trimrom og vaskerom i underetasjen.
Alle våre faste måltid blir servert i ein triveleg spisesal for gjestane og deira besøkande. Hotellet har eige kjøkken og menyen vår tar utgangspunkt i sunne råvarar, variasjon og kvalitet. Spesialdiettar avtales direkte med kjøkkenet.
Med TAXI Drosjen kan køyre deg til døra på hotellet. Ta vare på kvittering og få den stempla på avdelinga. Pasientreiser avgjer om du får dekka reiseutgifter. Ein føresetnad er at det vert reist på billegaste måte og med kollektiv transport, om mogleg.
Med Bybanen frå Bergen sentrum
Bybanen sin linje 2 stoppar i gangavstand til Haukeland hotell.
Med Bybanen frå Bergen Lufthavn Bybanen sin linje 1 stoppar på Kronstad, frå stoppet er det ca. 10 minutt gange til Haukeland Hotell.
Med Flybuss frå Bergen Lufthavn
Flybussen går til Bergen sentrum og så må man skifte til rutebuss for å komme til Haukeland Hotell.
Haukeland Hotell disponerer nokre parkeringsplassar til utleie. Desse parkeringsplassane må tingast på førehand direkte til hotellet. Haukeland Univeristetssjukehus har parkeringsplasser for avgift.
I selskapslokalet «Stova» kan vi arrangere selskap for inntil 50 personar. Haukeland Hotell har alle nødvendige rettar.
Vår kafé og kiosk er døgnopen. Her kan vi by på eit variert utval av kaffi / te, mineralvatn, påsmurd mat, sjokolade/snacks, aviser, vekeblad og hygieneartiklar.
Haukeland Hotell disponerer fire kurs- og møterom i ulike storleikar, eigna for kurs, møte og mindre arrangement med kapasitet frå 15 til 40–50 personar, avhengig av rom og oppsett.
Kursvertane våre sørgjer for at både arrangørar og deltakarar har alt dei treng for eit godt og effektivt arrangement. Alle møterom er per i dag utstyrte med projektor, lerret og whiteboard. Konferansehøgtalarar er tilgjengelege for utlån. Laptop/PC blir teken med av arrangør. I løpet av våren vil møteromma bli oppgraderte med moderne og brukarvennleg møteromutstyr, for å sikre ein meir effektiv og profesjonell møteoppleving.
Oversikt møterom
Småsalen – inntil 15 personar, ovalt møtebord (Villa Ingebjørg)
Storsalen – inntil 40 personar, fleksibelt oppsett (Villa Ingebjørg)
Loftet – inntil 40–50 personar i klasseromsoppsett (Villa Ingebjørg)
Dersom Haukeland hotell ikkje har ledig kapasitet, har sjukehuset avtale med nokre hotell i Bergen sentrum. Ved bestilling oppgir du at de er pårørande / pasientar ved Haukeland universitetssjukehus, og de vil få avtalepris.
Hotell som har avtale med sjukehuset i prioritert rekkjefølgje:
Core Hotel Bergen 1. prioritet: telefon 90 71 75 23
Rettar/Rettane dine Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt. Les meir om rettane dine ved pasientreiser