Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kommunikasjons­avdelinga

Kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon. Det inneber god kommunikasjon både internt på sjukehuset og mellom sjukehuset og pasientar, pårørande, media og befolkninga generelt. Vi bruker ulike kanalar, som for eksempel eigne nettsider, sosiale media og brosjyrar. Vi har også ansvar for ei rekke kulturaktivitetar retta mot pasientar, pårørande og tilsette.

Eit møte med sjukehuset kan vere eit av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.

Intranettet vårt heiter «Innsiden» og er den primære kommunikasjonskanalen i sjukehuset. Intranettet er viktig for å halde dei tilsette oppdaterte på viktige hendingar og nyheiter i sjukehuset. Vi bruker SharePoint Online som publiseringsløysing.

Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for mange av kulturaktivitetane og trivselstiltaka på sjukehuset. Ein av våre tilsette er ein "kulturbryggar", og har som arbeidsoppgåve å legge til rette for små og store trivselstiltak for pasientar, tilsette og pårørande. Kulturbryggaren er også bindeleddet mellom sjukehuset og dei som ønskjer å gi eit bidrag. Mange vil gi pengar, andre vil bidra med tenester som kan gjere kvardagen for pasientane på sjukehuset litt betre, til dømes gjennom konsertar. 

Ønskjer du kontakt med kulturbryggaren vår, kan du sende mail til atle.halvorsen@helse-bergen.no eller ringe  95 89 04 09.

Kunst og utsmykking av sjukehuslokala er også ein del av ansvaret til Kommunikasjonsavdelinga. Det er nedsett eit kunstutval som skal ha eit blikk for korleis sjukehuslokala er utsmykka.

Vi ønskar å gi god informasjon om sjukehuset og våre tilbod til befolkninga generelt, og pasientar og pårørande spesielt. Alle avdelingane har eigne webkontaktar og er ansvarlege for at innhaldet på dei einskilde avdelingane sine nettsider er oppdatert og fagleg rett. 

Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, filmar, musikk, aviser og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane.  Pasientbiblioteket finn du i foajeen i 0. etasje i Sentralblokka på Haukeland. Her kan pasientar og pårørande komme innom for ein prat, låne ei bok eller slå seg ned med ei avis. 

Opningstider: Måndag, onsdag og fredag Kl. 10.30-15.30. Tysdag og torsdag Kl. 10.30-17.30.
Telefon: 55 97 33 10
E-post: pasientbiblioteket@helse-bergen.no 

Les meir om Pasientbibloioteket på sjukehuset

Kommunikasjonsavdelinga bidrar med rådgiving i ulike prosjekt i sjukehuset og til klinikkar og avdelingar i ulike saker som treng satsing på kommunikasjon. Rådgivarane bistår i prosessen frå utarbeiding av kommunikasjonsplanar til operativt arbeid for å sette planane ut i livet.

Vi har journalistar og fotograf/videofotograf som bistår med å lag saker og produksjonar til intra- og internett. Ein stor del av arbeidet gjeld produksjon av pasientinformasjon. Vi har også medarbeidarar med grafisk kompetanse som bistår i utforming av ulike typer pasientinformasjon.

Leiar: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, 90 13 37 71

Nestleiar: Spesialrådgjevar Synnøve Tangen Stub, 90 01 94 08  

 

Kontakt

Telefon

Kommunikasjonsavdelinga

55 97 60 00
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Vakttelefon

95 89 04 45

Vakttelefon 95890445 skal kun nyttast ved akutte hendingar utanom kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje på sjukehuset. Førespurnadar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje
En rød murbygning

Jørgen Sandbergs hus

Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.