Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Trening ved Pusterommet

Pusterommet er oppteken av fysisk aktivitet og trening som kjelde til meistring, både fysisk og psykisk, i samband med kreftsjukdom. Treningssenteret vert kalla Pusterom fordi du kan auke pulsen og pusten, samt få eit pusterom frå ein vanskeleg eller endra kvardag. Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet, trening og kreft.

Tre kvinner trener på ulike treningsapparat med veiledning fra kvinnelig helse- og treningsfysiolog i treningsrom. Foto

Foto: Helse-Bergen

Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan vere gunstig for deg som har fått kreft eller som lever med ein kreftsjukdom. Trening har mange helsefremjande effektar. Blant anna kan trening bidra til å redusere biverknader som følge av kreftbehandlinga, oppretthalde og betre fysisk form, og gi deg meir overskot i kvardagen.

Tilvising og vurdering 

Pusterommet er eit treningssenter som tilbyr tilpassa trening til kreftpasientar før, under og etter behandling. Om du ønsker å delta på Pusterommet må du vere sjølvhjelpen og du må ha tilvising frå lege på Kreftklinikken, Kvinneklinikken, Hematologisk seksjon, Hyperbarmedisin eller Lungeavdelinga. Du kan tilvisast inntil seks månader etter avslutta kreftbehandling. 

Etter Kreftsenter for opplæring og rehabilitering/Pusterommet (KOR) har motteke tilvisinga frå behandlingsansvarleg lege, får du ein kartleggingssamtale med en tilsett ved senteret. Her utarbeidast ein individuell rehabiliteringsplan og det avtalast tid for treningsrettleiing. Rettleiinga er ei treningsøkt med fokus på å bli kjend med treningsprogram. 

Treningstilbod 

Gruppebasert trening

Du vert tilbydd deltaking i gruppebasert styrke- og kondisjonstrening. Vi veit at ikkje alle kan gjere alt, så vi har moglegheit til å gjere nokre individuelle tilpassingar. Ut ifrå dagsform og behandling trener du det du orkar og tek dei pausane du har behov for. I etterkant av treninga oppfordras du til å setja deg ned i lokala våre for å ta ein uhøgtidleg prat over ein kaffikopp.

To damer i treningsklær sykler treningsrom med skiltet

Fysiologiske testar

Når du deltek ved Pusterommet har du moglegheit til å gjennomføre kondisjonstest, kalla ergospirometri (CPET – cardiopulmonary exercise test). Her målast oksygenopptak og puls. Hensikta kan til dømes vere som eit ledd i utarbeiinga av et treningsprogram eller for å evaluere treningseffekt.
Et fysiologisk testlaboratorium som viser utstyr for oksygenopptak og en tredemølle

Foto: Helse-Bergen

Heimetrening 

Om du i periodar ikkje har moglegheit til å komme til Pusterommet, har helse- og treningsfysiologar ved Pusterommet på Haukeland universitetssjukehus laga komplette treningsøkter du kan gjennomføre heime. Er du usikker på om du kan gjennomføre noko av treningsøktene, ta kontakt med behandlingsannsvarleg lege. Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller om du ønsker ytterlegare informasjon om trening under eller etter kreftbehandling.


Vi ønsker deg god trening! 

 

Sist oppdatert 30.01.2026