Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Vil du jobbe hos oss?

I Akuttmottak jobbar sjukepleiarar, legar og helsesekretærar. Det er tilsett rundt 100 sjukepleiarar med jamn fordeling mellom kjønna. Legane som arbeidar i Akuttmottak er tilsette anten i Mottaksklinikken, eller ved ei av dei kliniske einingane i sjukehuset. Helsesekretærane som arbeider hos oss er tilsett i Dokumentasjonsavdelinga.

6 tilsette ved Akuttmottak kledd i raude uniformar.Foto

​​​​Ta gjerne kontakt om du er interessert i å jobbe hos oss 

​​Einingsleiar Akuttmottak

​​Anette Tvedt, telefon: 55 97 25 26 , epost: anette.tvedt@helse-bergen.no​

  

​Slik jobbar vi i Akuttmottak

Pasientane som kjem til Akuttmottak blir vurdert og får ein hastegrad ved innkomst. tatt imot av sjukepleiar og lege. Pasientane med høgast hastegrad blirt tatt imot av sjukepleiar og lege direkte på rom.

Nokre pasientgrupper blir tatt imot av eit team samansett av ulike personell, for eksempel pasientar med traumer, eller pasientar med uavklåra livstruande medisinske tilstander. 

Vaktlaget som er på jobb til ein kvar tid har også personell med ulike spesialfunksjonar ​

Vaktleiar har ansvar for drifta av Akuttmottak i ubekvem arbeidstid, og har delegert myndigheit og ansvar frå einingsleiaren. Vaktleiar skal ha oversikt over sjukepleiarkapasiteten i avdelinga, vere mentor for sjukepleiarane på vakt, og kunne setje i verk og handtere ein eventuell beredskapssituasjon. 

​For å bli vaktleiar må ein ha minimum 4 års erfaring frå akuttmottaket, ha inngåande kjennskap til rutinar og retningslinjer, ha gjennomført ein eigen opplæringsplan for vaktleiarar, og vere personleg egna for oppgåva. 

Resepsjonen i Akuttmottak blir bemanna av koordinerande sjukepleiar og helsesekretær. Det er her pasientar, pårørande og ambulansepersonell skal vende seg når dei kjem til akuttmottaket. 

Koordinerande sjukepleiar er den som har best oversikt over tilgjengelege ressursar i avdelinga, og er ein sjukepleiar med lang erfaring i Akuttmottak med eigen opplæring i koordinatorfunksjonen.

​Koordinator tek imot meldingar om nye pasientar frå AMK og nødnett, og har ansvar for å koordinere ressursar til pasientar som treng umiddelbar medisinsk hjelp når dei kjem inn. Koordinator kallar òg inn team ved mottak av pasientar med traume og hjartestans.

Triage betyr å sortere. Dette er eit uttrykk som blir brukt i akuttmedisin verda over om den første vurderinga og prioriteringa som gjerast av pasientane som kjem til akuttmottaket.

Sjukehusa i Helse Vest brukar SATS Norge​ som triageringsverktøy. Etter vurderinga får pasienten ein hastegrad: Raud, oransje, gul eller grøn -der raud hastar mest. 

I Akuttmottak er det vanlegvis to sjukepleiarar i triage, ein triageleiar og ein triagesjukepleiar.

Triageleiar skal saman med MLA ha oversikt over og vurdere pasientar som kjem inn med grøn og gul hastegrad, (eller utan hastegrad), og fordeler pasientar vidare til pasientansvarleg sjukepleiar.

​Triagesjukepleiar observerer pasientane som kjem inn ved å ta målingar (blodtrykk, puls, osb.), tar blodprøver og registrerer i den elektroniske pasientjournalen. 

Pasientansvarleg sjukepleiar har ansvar for pasienten frå innkomst i Akuttmottak og fram til overføring til anna eining i sjukehuset eller heimreise.

Ved mottak har sjukepleiaren oppgåver som å observere pasientens vitale parameterar (blodtrykk, puls, temperatur, pustefrekvens, m. m), ta EKG, og ta blodprøvar og urinprøve.  Sjukepleiaren har òg ansvar for å kontrollere identiteten til pasienten, og registrere informasjon om pårørande, pasientens tilstand, pleiebehov, m.m. i den elektroniske pasientjournalen.

​Når behandlande lege har bestemt kva eining pasienten høyrer til, sørgjer pasientansvarleg sjukepleiar for at pasienten blir meldt og flytt vidare til rett eining. 

Medisinsk leiar Akuttmottak (MLA) har det overordna ansvaret for styring av pasientflyt og fordeling av personell i Akuttmottak saman med vaktleiaren, samt for styring av pasientflyten til dei andre einingane i Mottaksklinikken. 

​MLA skal òg avklare kva akuttgruppe pasienten hører inn under. Vidare har MLA oppgåver knytt til beredskap og kapasitet i Akuttmottak til ei kvar tid.

Overlege i Akuttmottak (AOL) skal bidra i det fagspesifikke mottaket av pasientar meldte med rød eller oransje hastegrad og med «fast track»-algoritme, rettleie og konferere med vaktlegar ved behov, og hjelpe med vurdering av pasientar. ​

Helsesekretær sit i resepsjonen saman med sjukepleiarkoordinator, og har ansvar for å registrere pasientar som kjem inn, skrive ut etikettar og namneband, ta telefonar og snakke med pasientar og pårørande på vei inn, m.m. Dei hjelper òg til med blodprøvetaking i triage på dagtid.  

 ​Medisinstudentar og sjukepleiarstudentar kan få deltidsstillingar i Akuttmottak. Dei tilsette studentane jobbar i triage og tar målingar (blodtrykk, puls, osv.) og blodprøvar av pasientane. ​

Team i akuttmottak

​For fleire grupper pasientar er det sett saman team som skal sørge for rask og strukturert behandling av kvalifisert personell. 

Hjartestansteamet blir tilkalla ved hjarte- eller respirasjonsstans på sjukehuset. Teamet består av:

  • Hjarte 1-vakt (teamleiar),
  • Anestesilege - ansvar for ventilasjon, intubasjon og vanskeleg venevei.
  • Anestesisjukepleiar - ansvar for å etablere venetilgang, hovudansvar for intravenøse medikament.
  • Medisinsk 2 vakt - ansvar for defibrillering og hjartekompresjonar
  • LIS1 - utfører hjartekompresjonar og fører medikament som er gitt, i samarbeid med stanssjukepleiar frå Akuttmottak.
  • Stanssjukepleiar frå Akuttmottak -  medbringer avansert defibrillator, hjartekompresjonar, fører medikament som er gitt i samarbeid med LIS1.
  • MIO-vakt - støttar teamleiar, vanlegvis i ein «hands-off»-rolle.

​Stanssjukepleiar frå akuttmottaket er ein erfaren sjukepleiar med eigen opplæring. Sjukepleiarane i akuttmottaket blir sertifiserte og resertifiserte i AHLR (avansert hjerte-lunge-redning) ein gong i året. Dei som inngår i hjartestansteamet har hjartestanstrening ein gong kvar 14. dag, kor ein øver på ulike scenario.

Ved melding frå AMK-sentralen om ein pasient som oppfyller dei nasjonale traumekriteria, blir det utløyst traumealarm med varsling av eit eige traumeteam som møter i akuttmottaket. Før pasienten kjem, får teamet ein kort rapport om hendinga og det moglege skadeomfanget, slik at dei kan førebu mottaket.  

Traumeteamet består av:

  • Teamleiar (erfaren kirurg)
  • Anestesilege
  • Anestesisjukepleiar
  • Vaktleiar Akuttmottak
  • Radiograf
  • Bioingeniør
  • Sjukepleiar frå Akuttmottak.

Ved behov for anna fagleg ekspertise kan teamleiaren varsle andre spesialitetar, som ortoped, nevrokirug, radiolog, osb.

Dei som er med i traumeteamet skal ha deltatt på kurs i traumehandtering. Slike kurs blir haldne  det regionale traumesenteret for Helse Vest ved Haukeland Universitetssjukehus. Dette er eitt av fire traumesentre i Noreg, og har ansvar for opplæring av helsepersonell, oppdaterte behandlingsprotokollar, kvalitetsforbetring m.m.

Traumesenteret er organisert under Kirurgisk klinikk, og har eit overordna ansvar for koordinering og oppfølging av faggruppene som samarbeider i traumehandteringa. Det arrangerer både generelle teamtreningskurs og  spesialkurs for aktuelt helsepersonell.

 

​Mottak ved hjerneslag

​Pasientar som kjem inn med mistanke om akutt hjerneslag blir tatt imot av nevrolog, sjukepleiar frå akuttmottak og trombolysesjukepleiar frå Nevrologisk avdeling, som sørger for rask undersøking og diagnose slik at ein kan starte eventuell behandling mot blodpropp så raskt som mogleg. 

M​ottak av pasientar med raud hastegrad

​Pasientar som kjem inn med raud hastegrad skal bli tatt imot av både sjukepleiar og lege når dei kjem til sjukehuset. Dette kan vere pasientar med hjarteinfarkt, alvorleg infeksjon, eller andre tilstander som krev øyeblikkeleg vurdering, diagnostisering og behandling. 

Akutt-team​

Pasientar med høg hastegrad kor det er uklart kva avdeling dei tilhøyrer blir tatt imot av eit akutt-team, kor legar og sjukepleiarar gjer ein systematisk undersøkelse for å avdekke kva som er årsaka til sjukdomen og sikre rask behandling. 

​​​​​​

​ 






Sist oppdatert 26.01.2026