Informasjon til deg som har time på Nevropoliklinikken
- Møt i god tid. Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg i sjukehusparken.
- Tenk gjerne gjennom kva du ønsker å ta opp med behandlaren på førehand slik at du får godt utbytte av konsultasjonen.
- Det er begrensa parkeringsplassar på sjukehusområdet og det kan ta tid å finne ledig plass. Vi anbefaler difor bruk av buss eller bybane.
- Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar må behandlar godkjenne bruk av pasientreise eller drosje.
- Ved ikkje møtt eller avbestilling av time under 24 timer før avtale må du betale eit gebyr på kr 1612. Dette gjeld sjølv om du har frikort.
Poliklinisk vurdering
Ein time til poliklinisk vurdering varer i omlag 30 minutter, første time til konsultasjon varer i 45-60 minutt.
Til timen ber vi deg ta med:
- Oversikt over kva medisinar du brukar
- Relevant informasjon om tilstanden din i form av skriv frå andre legar eller behandlarar
- Namn på fastlege
- Skriv gjerne spørsmål du har om tilstanden din som du ønsker å ta opp med sjukepleier eller lege og som du tek med til poliklinikken.
Tilvising
For å få poliklinisk time hos oss må du tilvisast av fastlege, andre avdelingar eller behandlarar.
Betaling
Pasientar må betala eigenandel etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling ved poliklinisk eining. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro som kan betalast i sjukehusets informasjon i Sentralblokka, dersom du ikkje vil betale i bank eller på internett.
Sist oppdatert 20.01.2026