Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har nasjonalt ansvar for funksjonsforbetrande kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi. Pasientar frå heile landet blir opererte ved HUS, og følgt opp ved regional spinaleiningar ved HUS, St. Olavs hospital og Sunnaas sykehus.

Dette er eit behandlingstilbod til pasientar med tverrsnittlamming på cervikalt nivå etter traume eller sjukdom i ryggmargen, der det er gjenverande funksjon i berre nokre få musklar i armane. Dei vanlegaste årsakene til nakkeskadar med meir eller mindre komplett lamming av alle ekstremitetar (tetraplegi) er trafikkulykker, fallskadar, stupeulykker og idrettsulykker.

Nasjonal behandlingsteneste for funksjonsforbetrande kirurgi ved tetraplegi tilbyr høgspesialisert kirurgisk pasientbehandling for ei lita gruppe pasientar med mål å auke livskvalitet og sjølvstende hos brukarane.

På Haukeland universitetssjukehus har vi eit tverrfagleg team, beståande av kirurgar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar og hjelpepleiar med spesialkompetanse på funksjonsforbetrande kirurgi. Vi samarbeider tett med dei regionale spinaleiningane i landet. Kvart halvår har vi poliklinikkar på spinaleiningane for å vurdere pasientar til operasjon, samt kontrollerer operasjonsresultat.

Rehabilitering etter operasjon er avgjerande for eit godt operasjonsresultat. Det er utarbeida standardiserte retningslinjer for rehabilitering som er felles for alle spinaleiningane i Noreg. Desse er utarbeida i tråd med dei Nordiske retningslinjene.

iICD10-koder som inngår i det nasjonale oppdraget:

  • T91.3
  • G82.4

Internt i gruppa er det laget utkast av kompetansesprediningsplan.

Det er tatt høgde for at det er fleire faggrupper som har kontakt med brukargruppa og derfor blir kompetansespreiingsplanen 3-delt.

  1. Utdanning for faggrupper som er direkte involverte i utføring av behandlingstilbodet og rehabiliteringa til tenesta (Handkirurgar, nevrologar, fysio- og ergoterapeutar ved ortopedisk avdeling Haukeland universitetssjukehus og dei 3 regionale spinaleiningane) - Anerkjent og etablert kurs (kirurgi og rehabilitering) - Tilgang til oppdaterte retningslinjer - Hospitering - Forsking
  2. Informasjon til brukarar og pårørande og personlege assistentar - Bygge ut og oppdatere nettside - Forelesingar på årsmøte - Artiklar i tidskrift 
  3. Informasjon for andre spesialitetar og faggrupper som ein mogleg bruker kjem i kontakt med (Nevrologi/nevrokirurgi/urologi/fysikals medisin og rehabilitering/fastlegar/klinisk nevrofysiologi) - Artiklar i tidsskrift - Forelsesninger

Siste årsrapport ligg på Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi.  

Alle pasientar blir vurderte på tverrfagleg poliklinikk ved dei 3 regionale spinaleiningane. Tilvisingar kan nå fram til tenesta på 3 måtar.

  1. Tilvising frå regional spinaleining til tverrfagleg poliklinikk som blir planlagd ved spinaleininga i samarbeid med tenesta. Nevrolog/ergoterapeut/fysioterapeut ved den aktuelle spinaleininga vurderer pasientar i forkant av poliklinikk og set aktuelle kandidatar opp til vidare vurdering.
  2. Tilvising frå primerhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta til den regionale spinaleininga pasienten høyrer til. Nevrolog/ergoterapeut/fysioterapeut ved den aktuelle spinaleininga vurderer pasientar i forkant av poliklinikk og set aktuelle kandidatar opp til vidare vurdering.
  3. Tilvising frå primerhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta til den nasjonale behandlingstenesta via ortopedisk avdeling Haukeland universitetssjukehus. Legar ved tenesta vurderer tilvisinga og set aktuelle kandidatar opp til vurdering ved tverrfagleg poliklinikk på den spinaleininga pasienten høyrer til.

Pasientar med ryggmargskade i nivå C4/C5 - C7/C8 og dermed nedsett funksjon i overekstremitetar i varierande grad.

Det er i utgangspunktet inga aldersgrense for pasientar som kan visast til tenesta

Det er i utgangspunktet inga tidsavgrensing på tid frå skade til vurdering ved tenesta Henvisninger frå primerhelsetenesta og spesialisthelsetenesta må innhalde:

  • Nivå for ryggmargskaden
  • Tidspunkt for ryggmargskade
  • Årsak ryggmargskade (traume/sjukdom)
  • Kort sjukehistorie
  • Undersøking av arm/handfunksjon (skulder/olboge/handledd/hand)

    Utarbeiding av tilvisingsrutinar/tilvisingskriterium/rettleiing for tilviser er i siste fase og vil bli sett inn på nettsida til tenesta så snart dei er ferdigstilte.

  1. Tenesta skal sørge for likeverdig tilgjengelegheit for alle ryggmargskadde som kan ha nytte av tilbodet til tenesta
  2. Nytilviste pasientar skal ha fått tilbod om vurdering hos tenesta innan det er gått 3 månader
  3. Dersom det finnes indikasjon for funksjonsforbetrande kirurgi skal nytilvist pasient ha fått tilbod om kirurgisk behandling innan det er gått 6 mnd.
  4. Aktuelle kandidatar skal testast preoperativt og ved kontroll etter 6 mnd og 12 mnd, for å kunne kontrollere oppnådde behandlingsresultat
  5. Faggruppene til tenesta skal halde seg oppdaterte innan faget på verdsbasis og arbeide i tråd med etablerte og godkjente retningslinjer og metodar
  6. Tenesta skal drive kompetanseoppbygging, kunnskapsspreiing og forsking
  7. Tenesta skal ha referansegruppe som som består av fagpersonar frå alle helseregionar og dessutan representant frå brukarar. Alle i referansegruppa skal ha god kunnskap om tilbodet og behandlingsforløpet til tenesta Ved gjennomgang av aktiviteten oppnår vi i stor grad resultatmåla for tenesta.

Kontakt

Koordinator telefon

Slik finn du fram

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Koordinator på post kan hjelpe til med bestilling av fly, rullestoltaxi, hotellrom til assistent og liknande. Ta kontakt med oss:

E-post: tetra@helse-bergen.no
Telefon: 941 65 830

Pasientar som skal inn til operasjon, bør komme i manuell rullestol då dette gjer det lettare å sende stolen tilbake til heim / spinaleining.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.