Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kronstad allmenn døgnbehandling

Innlegging skjer etter tilvising frå lege, poliklinisk behandlar, via overføring frå sjukehus eller andre avdelingar i Kronstad DPS. Døgnbehandlinga er avgrensa til den tida pasienten treng omsorg på dette nivået. Etter dette vil behandlinga fortsette enten på anna omsorgsnivå i Kronstad DPS som dagbehandling eller poliklinikk, eller hos rusomsorga, privatpraktiserande, fastlege og eventuell oppfølging frå psykisk helsevern i bydelane. Vanleg behandlingstid på døgnseksjonen er frå eit par dagar til nokre veker.

Behandlingsteam

Vi er godt bemanna med kvalifiserte fagpersonar. Flinke, engasjerte ufaglærte og helsefagstudentar supplerer desse på helg og ved sjukdom. 

Kvar pasient får frå første dag eit behandlande team som består av ein behandlar (lege / psykolog / spesialist) og 2-3 miljøpersonale (hovudsakleg sjukepleiar / vernepleiar). Ved seksjonen er det og sosionom og fysioterapeut som kan koblast på teamet ved behov. Det er ikkje berre behandlaren, men heile teamet som utgjer det behandlande elementet hos oss. 

Behandlingsplan

I tillegg er vi svært opptekne av at kvar pasient ut ifrå sine føresetnadar skal spele ei så aktiv rolle som mogeleg i planlegging og gjennomføring av eigen behandling / tilfriskning. 
Pasienten og teamet utarbeider ein behandlingsplan i løpet av dei første dagane av opphaldet, og her utarbeider vi også ein plan for utskriving.

Behandlingsaktivitetar under opphaldet

For nysjuke og ved behov vil det bli gitt utgreiing og diagnostisering av behandlar. Elles skjer alle behandlingssamtalar med behandlar og teammedlemar frå miljøpersonalet, eventuelt dagens kontakt når ingen av miljøterapeutane frå teamet er på arbeid. På kvart skift vil alle få ein eigen miljøkontakt som kan gi hjelp og støtte. 

Ein viktig del av behandlinga skjer i grupper. Vi har samtalegruppe, mindfulness, avspenning, undervisning om angst og depresjon og ulike tilbod om trening. 
Vi legg vekt på fysisk aktivitet og god døgnrytme, og pasientane blir vekte til frukost. Ta gjerne med treningstøy og turtøy / sko. Permisjonar vil ofte vere ein viktig del av behandlinga.

Pårørande og besøk

Vi ser på pårørande som ein viktig ressurs og tar ofte kontakt for samtale.  Pårørande er velkomne til å ta kontakt med oss. Vi tilbyr og samtalar med barn. 

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Kronstad DPS, Allmennpsykiatri døgnbehandling Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Fjøsangerveien 36

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.