Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Eksteriør Kronstad DPS og inngangsparti. Foto

Kronstad allmennpoliklinikkar

Ved Kronstad DPS er det to poliklinikkar innan fagområdet allmennpsykiatri. Ved begge poliklinikkane vert det gitt tilbod om utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Behandlingstilbod

Pasientar som vert vurderte til å ha «rett til nødvendig helsehjelp» i spesialisthelsetenesta, vert først kalla inn til vurdering. Etter vurderinga vert det avklart kva tilbod pasienten skal få vidare.


Dersom vurdering tilseier det, vil første steg i vidare helsehjelp vere ein nærare utgreiing av pasientens vansker. Slik utgreiing kan variere i lengde og omfang, og vil typisk resultera i ein diagnostisk vurdering og konklusjon. Ein slik konklusjon vil seie noko om vegen vidare. I nokre høve er det ikkje aktuelt med vidare behandling, og ved andre høve tilbys pasienten behandling.

Behandling kan bestå i medikamentell behandling, samtalebehandling, kombinasjoner av desse og tidvis med tillegg av andre tenester som til dømes bistand frå sosionom eller jobbspesialist. Behandlinga kan gjennomførast både individuelt og i grupper, avhengig av kva behovet er og kva som er fagleg naudsynt.

I behandlinga samarbeider ein ofte med fastlegar, NAV, kommunen sine avdelingar for psykisk helse, døgnseksjonar ved sjukehus og DPS, og/eller andre relevante instansar.

Vi ser på det å redusere symptom og lidingstrykk som viktige element i behandlinga. Målet er å betre pasienten sin funksjon slik at han/ho kan klare seg utan hjelp frå spesialisthelsetenesta. 

 

 

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Kronstad DPS Postboks 1400 5020 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Fjøsangerveien 36

Logg inn for å endre time

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.