Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et rom med bord og stoler og et vindu med utsikt over en by

Kronstad psykose døgnbehandling

Psykose døgnbehandling gjev tilbod om målretta opphald for pasientar med psykoselidingar. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. Vi har 12 behandlingsplassar.

Behandlingstilbod:

Her jobbar vi for betring der eigenaktivitet, brukarmedverknad og meistring står i fokus. Vi legg til rette for eit miljø som engasjerer og aktiviserer den einskilde.

Vi planlegg saman med kvar pasient individuelle tiltak som kan hjelpe den einskilde til å få betre funksjonsevne, og få til ein god kvardag. De ulike behandlingstiltaka byggjer på gjeldande faglege standardar. Vi vektlegg i stor grad rammer og struktur i kvardagen. Vi ynskjer å ha eit trygt miljø og positiv samhandling.

Vi tilbyr blant anna:

  • Miljøterapi med fokus på psykoedukasjon og kognitiv tilnærming.
  • Tilrettelagt fysisk og sosial aktivitet
  • Terapeutiske samtalar
  • Medikamentell behandling
  • Pårørande og nettverkssamarbeid
  • Praktisk hjelp med økonomi, bustad, skule og arbeid.
  • Tilrettelegging av ettervern

Samarbeid:

Internt samarbeider vi tett med dei andre seksjonane ved Kronstad DPS og sjukehuset. Etter pasientens samtykke samarbeider vi med blant anna pårørande, nettverk, fastlege og andre kommunale instansar.

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Kronstad DPS, Psykose døgnbehandling Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Fjøsangerveien 36, 4. etasje

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Næraste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

 

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.