Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Behandlingstilbod ved poliklinikk for spiseforstyrrelser

Spesialpoliklinikken ved RAS tilbyr vurderingssamtalar for tilviste pasientar på regionalt nivå. Målet er å kartleggje situasjonen og gi tilråding om vidare behandling. Poliklinikken blir òg brukt til førebuing før innleggelse og vurdering for behanding ved Dagenheten.

CBT-e er ein behandlingsmetode for alvorlege spiseforstyrrelser. Behandlinga tek utgangspunkt i å kartlegge spiseproblema først, deretter arbeide med endring og til slutt rette fokus mot livet elles. Dette er ei psykologisk behandling der pasienten sjølv jobbar aktivt med å løyse problema sine, med støtte av ein CBT-E terapeut. Målet er at pasienten skal løyse spiseproblema og kunne leve eit liv uten å være påverka av spiseforstyrrelsen.

Dagenheten er eit behandlingstilbud i Helse Bergen for ungdom i alderen 12–23 år med spiseforstyrrelser. Tilbudet drives i samarbeid mellom PBU og RAS, og held til i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Behandlinga går over 2–4 veker og bygger på metodane FBT og CBT-E. Pasienten må være tilknytt poliklinikk ved BUP eller DPS.

Det er eit avgrensa tal plassar. Behandlarar blir bedne om å ta kontakt for drøfting før eventuell henvisning.


Drøftingstid:

  • Måndager kl. 10.00 - 11.00
  • Torsdager kl. 14.00 - 15.00

Telefon: 55 97 19 56

Dagenheten er stengt i uke 28, 29 og 30.

TBT-S er eit behandlingstilbod for pasientar med spiseforstyrring og deira pårørande eller støttepersonar. Deltaking er frivillig, og det blir lagt vekt på at både pasient og støtteperson er aktive og ønskjer å jobbe mot tilfriskning.

Behandlinga går over fem samanhengande dagar og kjem i tillegg til anna individuell behandling.

Gjennom behandlingsveka får pasient og støtteperson ei felles forståing av utfordringane. Saman avklarer dei korleis støttepersonen best kan bidra i situasjonar der pasienten ønskjer støtte.

Sist oppdatert 12.06.2026