Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Stemningslidingar

Avdeling for stemningslidingar står for utgreiing, diagnostisering og behandling av vaksne med stemningslidingar.  Vår målgruppe er i hovudsak pasientar med bipolar liding, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar.

Avdeling for stemningslidingar har to døgnseksjonar lokalisert på Sandviken. Seksjonane S1 og S6 har kvar 10-12 enkeltrom og gir eit tilnærma likt behandlingstilbod.

Om avdelinga

Målgruppa vår er i hovudsak vaksne med bipolar liding, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Dei fleste pasientane kjem til oss frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Alle døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.

Vår hovudoppgåve er å greie ut og behandle pasientar med stemningslidingar. Vi har som mål å gi tverrfagleg og god behandling til denne gruppa. Eit opphald hos oss kan vare frå nokre dagar til nokre veker, i enkelte tilfelle lengre. Før utskriving vil vi kartlegge den einskilde sitt behov for vidare oppfølging. Vi samarbeider tett med distriktspsykiatriske senter, kommunale tenester og fastlegar.

Behandling

Vi nyttar ulike behandlingsformer som psykoterapi, medikament, fysisk aktivitet og individuelt tilpassa miljøterapi. Miljøterapien vil kunne dreie seg om hjelp til å skape struktur i kvardagen, aktivitet, støttesamtalar og trygging. Aktivitørane på dei ulike døgnseksjonane har eit bredt spekter av aktivitetstilbod. På kvar seksjon tilbyr vi gruppeundervisning for pasientar om ulike tema knytt til psykisk liding. Vi samarbeider også med andre seksjonar om utgreiing og behandling, til dømes Seksjon for ECT (elektrokonvulsiv behandling).

Personale

Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe. Kvar seksjon har aktivitør, sosionom, psykiater, lege, psykolog eller psykologspesialist, sjuke- og vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. Faggruppene arbeider i team slik at kvar pasient får tildelt fast behandlar og eigne miljøkontaktar. Sjukehuset har også prest tilsett. Alt helsepersonell har taushetsplikt. Vi arbeider for å få til eit godt samarbeid med pårørande.

Kontakt

Sentralbordet Psykiatrisk klinikk

  • Måndag - Fredag 07:30 - 16:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med VestDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Døgnseksjonane ved avdelinga har same inngang som resepsjonen i Bygg 6, Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Sengepostane er i to etasjar: S1 er i 1. etasje og S6 i 3. etasje.

Sjukehuset i Sandviken

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 Les meir om parkering og prisar her 

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.