Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rehabilitering

Rehabilitering ved Revmatologisk avdeling er eit tverrfagleg samansett tilbod der pasienten sine eigne mål står i sentrum.

Blond fysioterapeut i hvit uniform hjelper pasient under slyngetrening. Foto

​​​Før rehabiliteringsperioden startar, vert alle pasientar oppmoda til sjølv å formulere mål for rehabiliteringa, med utspring i dei utfordringar som pregar kvardagen. Med bakgrunn i måla og faglege vurderingar, vil ein planleggje rehabiliteringa og setje saman passande tiltak. For å oppnå måla er det viktig med aktiv deltaking. Mål og tiltak vert evaluert undervegs, og ved avslutning av rehabiliteringa.

Blond fysioterapeut med hestehale, pasient med blå t-skjorte på tredemølle i treningsrom. Foto

I rehabiliteringa vil fleire faggrupper vere involvert

Aktuelle faggrupper er lege, sjukepleier, hjelpepleier, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, farmasøyt og andre helsefagarbeiderar.
Rehabiliteringa kan skje ved sengepost, dagpost eller poliklinikk. Kvar rehabiliteringa skal skje, vert vurdert på førehand.

Interiør terapibasseng

Med utgangspunkt i mål og vurdering/undersøking har dei ulike faggruppene fokus på følgjande:

Lege: Informasjon om sjukdommen, behandling og forløp.

Sjukepleier: Informasjon om sjukdommen, mestring, kosthald, søvn, samliv

Ergoterapeut​: Mestring av daglege aktivitetar, handfunksjon, Trøtthet, arbeid.

Fysioterapeut​: Smertemestring, fysisk aktivitet.

Sosionom: Forhold ved arbeidlivet, stønadsordningar

Farmasøyt: Informasjon om legemiddel

Tverrfagleg utgreiing og rehabilitering

Vi tilbyr tverrfagleg poliklinisk utgreiing og rehabilitering til pasientar med inflammatorisk revmatisk sjukdom. Dette er eit tilbod til deg som har samansette plager og som opplever utfordringar med å fungere i kvardagen.

Tverrfagleg poliklinisk utgreiing (TPU)

Etter tilvising frå behandlande revmatolog eller fastlege får du ei tverrfagleg vurdering hos ergoterapeut, fysioterapeut og lege i rehabiliteringsteamet. Ei slik vurdering varer i om lag 2 timar. Vi kartlegg symptoma dine og funksjonen din, korleis sjukdomen påverkar kvardagen din, kva for aktivitetsutfordringar du har, og kva som er viktig for deg å få hjelp til. Basert på kartlegginga anbefaler vi tiltak eller oppfølging som er aktuelle for deg. For nokre kan det vere aktuelt å kome på rehabilitering ved avdelinga.

Rehabilitering

Rehabiliteringa føregår poliklinisk med to behandlingsdagar per veke (tysdagar og torsdagar) i 4 påfølgjande veker. Du får oppfølging av ergoterapeut, fysioterapeut, lege og sjukepleiar. Det er 10 deltakarar i rehabiliteringsgruppa. Behandling og tiltak skjer både individuelt og i grupper, og består av rettleiing, undervisning, samtalegrupper og trening. Måla dine er utgangspunktet for samarbeidet vårt gjennom rehabiliteringa. Saman finn vi dei verktøya og strategiane som kan hjelpe deg å ivareta helsa di best mogleg.

Praktisk informasjon til deg som skal på rehabilitering

Dei fleste bur heime, men det er mogleg å bu på sjukehushotellet om du har lang reiseveg. For å få størst mogleg utbytte av opphaldet anbefaler vi full sjukmelding i heile rehabiliteringsperioden. Det er som oftast fastlegen som skriv ut sjukmeldinga.

Når du kjem til oss, må du ha med badeklede (eventuelt badehette), treningsklede og -sko, drikkeflaske og matpakke. Vi har vasskokar, kaffitraktar, kjøleskap og mikrobølgjeomn. Det er mogleg å kjøpe parkering til redusert pris første rehabiliteringsdagen. Du betaler éin eigenandel for heile rehabiliteringsperioden.

Oppfølging etter rehabilitering

Rehabiliteringsopphaldet er starten på rehabiliteringsprosessen din. På slutten av opphaldet hos oss vil vi hjelpe deg med å utforme realistiske mål og planar som du skal jobbe vidare med i kvardagen. Du får tilbod om oppfølgingstime hos ergoterapeut og fysioterapeut 3 månader etter rehabiliteringa. Behov for oppfølging utover dette blir vurdert individuelt.

Sist oppdatert 04.03.2026