Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
ansatte på kvinneposten

Kvinnepost Tertnes

Kvinnepost Tertnes er ein post med 15 døgnplassar. Posten tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner.

Her jobbar vi tverrfagleg og miljøterapeutane har ulike utdanningar og bakgrunn  som vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, erfaringskonsulent m.m. I tillegg er det lege, psykologar, musikkpedagog, sosionom, treningsterapeut og kunstterapeut knytt til posten. 
 
Behandlinga du vil få bygger på tre hovudpilarar; miljøterapi, treningsterapi og gruppeterapi. Vi har også tilbod om kunstterapi, mindfulness og yoga. 

Som pasient ved Kvinneposten omgås du både medpasientar og miljøpersonale dagleg. Det er eit tett behandlingsprogram som strekkjer seg frå kl. 08:00-17:00 alle kvardagar.

Behandling og aktivitet

  • Pasientane får undervisning frå tverrfagleg team kvar veke. Vi tar opp emne som individuell plan, rusens funksjon, motivasjon, sjølvtillit, nettverk, ernæring og fysisk trening relatert til mental helse.
  • Vi underviser i hjarte-lunge-redning og gir informasjon om overdosefare.
  • Vi gir undervisning i Nalokson nasespray
  • Fysisk trening i gymsal og treningsrom. Symjehall i nærleiken.
  • Vi har verkstad for maling, handarbeid, strikking, toving og keramikk.
  • Kortspel, matlaging og andre aktivitetar relatert til vanleg daglegliv.
  • Turar i nærområdet med følgje.

På ettermiddagar og helger kan du ha treningsturar utanfor institusjonen. Dette blir avtalt med personalet. På fritida vil vi oppfordre deg til å utforske interesser og aktivitetar som kan bidra til å skape positiv endring i livet ditt. Personalet kan hjelpe deg med å finne fram til eigna aktiviteter som samsvarer med interessene dine.

I miljøterapi er fellesskapet med medpasientar det viktigaste. Miljøterapi består blant anna i felles ansvar for matlaging, orden og andre aktivitetar som er vanlege i eit daglegliv. For mange er det også viktig å få etablert ein god døgnrytme.
Kvar veke er det miljømøte der forhold i miljøet kan diskuterast og rettast opp i. Dette er ein viktig arena, der du som pasient kan gi tilbakemeldingar på forhold som er viktige for deg, av både positiv og negativ art.

Kvar pasient får utnemnd ein av miljøpersonalet som sin kontaktperson. Dette blir din viktigaste støtteperson under opphaldet. Saman med kontaktperson og behandlar utarbeider du behandlingsplanen din.

Å vere i fysisk aktivitet er terapeutisk både for kropp og sjel. Det dempar uro, abstinenssymptom, angst og depresjon. Det blir forventa at du deltar i aktivitetar, og om du treng særleg tilrettelegging vil du kunne få kontakt med seksjonen sin treningsterapeut som vil hjelpe deg å delta på ditt nivå.

Mindfullness, eller oppmerksamt nærvær, er ein teknikk som har vist seg veldig nyttig for meistring av psykisk uro og russug. Vi har tilbod om daglege, korte mindfullness-øvingar for dei som ønskjer dette.

Vi tilbyr individuell rettleiing/undervisning i forskjellige kunstteknikkar og musikk.

Frå starten av opphaldet ditt ved Kvinneposten vil du delta i gruppeterapi. Alle gruppene blir leia av to fagpersonar. Gruppeterapien er prosessorientert, som vil seie at det er eit direkte fokus på kva som skjer med deg og dei andre når det gjeld meistring av rusfridom, russug, forholdet til deg sjølv og andre. Gruppeterapeutane har fleire tilnærmingar, blant anna metodar som bygger på mentalisering, mindfullness, kognitive teoriar og motiverande endringsfokusert rådgiving. Deltaking i desse gruppene er obligatorisk.

Dette er noko du drøftar med psykologen på posten, ut frå dine behov. For nokon kan det vere aktuelt å halde kontakt med behandlaren dei har hatt før innlegging. For andre kan det vere aktuelt med nokre få samtalar med psykolog på post for å avklare målsettinga med innlegginga, for deretter i hovudsak å arbeide med kontaktperson og miljøterapeutar for å nå måla i behandlinga. For enkelte kan det vere aktuelt med kartlegging/utgreiing av psykisk helse og terapi i løpet av innlegginga.
Det er viktig at du er merksam på at det berre er lege ved posten som bestemmer kva legemiddel du kan bruke under innlegginga.

Kontakt

Telefon

Seksjonsleiar Trude Larsen

55 95 73 10

Teamleiar Emma Louice Jansdotter Håvåg

55 95 73 60

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bygg D
Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

  • Kvardager:
    Kl. 08-17: Kr 16,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 265,- per døgn (samanhengande parkering).
    Kl. 17-21: Kr 11,- per påbegynte 30 minutt.
    Kl. 21.00-08.00 Kr 6,- per påbegynte time. Maks kr. 42,- per natt.

 

  • Laurdag og søndag: 
    kl. 08-21: Kr 16,- per påbegynte 60 minutt. Maks 111,- per dag. 
    Kl. 21-08: Kr 6,- per påbegynte time. Maks kr 42,- per natt
    (samanhengande parkering).

 

  • Pårørandekort 400,- per veke eller for 7 inn/-utkjøringer.

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.