Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Allogen stamcelletransplantasjon

Allogen stamcelletransplantasjon er ei behandlingsform som blir tilboden pasientar med blodsjukdommar som har ein alvorleg prognose. Med dette siktar ein til sjukdommar der leveutsiktene med anna behandling er svært avgrensa.

Verknad

Allogen stamcelletransplantasjon er ei behandlingsform som først og fremst blir tilbode til pasientar med blodkreft, beinmergskreft, beinmergssvikt eller immunologiske sjukdommar der leveutsiktene med anna behandling er svært avgrensa. Behandlinga er intens og ofte knytt til biverknader som gir store plager. Det ligg ein risiko føre for å døy av komplikasjonar.

Beinmergen er eit svampliknande organ som ligg inne i store flate knoklar (som brystbeinet og bekkenet), lange røyrknoklar (som lårbeinet), hovudskallen og ryggvirvlane. Beinmergen produserer blodceller. Desse blir utvikla frå såkalla stamceller som blir kalla hematopoietiske (bloddannande) stamceller; dei er sjølvfornyande samtidig som dei utviklar seg til funksjonelle blodceller.

Sjukdommen du har fått har medført store forandringar i produksjonen av blodceller. Det blir produsert enten unormale celler og/eller heile produksjonsprosessen sviktar. Behandlinga er gjennom kjemoterapi og eventuell stråleterapi å fjerne den sjuke beinmergen. Ein får deretter tilført nye og friske stamceller som ein intravenøs infusjon. Stamcellene vil finne vegen til beinmergen og gir eit nytt blodsystem og nytt immunforsvar.

Transplantasjon blir definert som overføring av levande vev eller organ innanfor same individ eller frå eitt individ til eit anna. Dersom eit individ får stamceller frå seg sjølv, blir dette kalla autolog stamcelletransplantasjon. Blir stamcellene overført frå eitt individ til eit anna, blir det kalla allogen stamcelletransplantasjon. Det kan da vere stamceller frå ein slektning eller ein givar som ikkje er i slekt.

Tilvising og vurdering

Alle pasientar som blir vurderte for transplantasjon, blir diskuterte i den nasjonale gruppa for allogen stamcelletransplantasjon. Gruppa består av spesialistar innan blod- og kreftsjukdommar frå regionsjukehus i heile landet, og sikrar ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt pasient og på denne måten varetar ei mest mogleg lik behandling på dei to sentera.

Når den nasjonale gruppa vedtar at pasienten er kandidat for stamcelletransplantasjon, blir  pasienten tilvist til det aktuelle universitetssjukehuset. Der vil pasienten bli vidare utgreidd med tanke på transplanstasjon  

Før

Fasar i forløpet

Stamcelletransplantasjonen har tre fasar som blir gjennomførte ved Seksjon for blodsjukdommar:

  1. Utgreiing: Tar normalt 2 dagar og du blir som regel utgreidd veker til månader før ein transplantasjon. Det går føre seg poliklinisk.

  2. Innlegging: Ei veke før transplantasjonsdagen blir du innlagd på sengeposten. Opphaldet varer vanlegvis 5-6 veker.

  3. Utskriving: Når beinmergsfunksjonen er i ferd med å regenerere (2-3 veker etter transplantasjonen) og du klarer å drikke, ete og ta tablettar, kan du skrivast ut til pasienthotellet De som bur i nærleiken kan reise heim. Oppfølginga første tida etter utskrivinga kjem du til kontroll minst 2–3 gonger i veka. Dersom du høyrer til eit anna helseføretak kan du reise heim tidlegast 28 dagar etter innlegginga.

 

Om oss som behandlar deg

Seksjon for blodsjukdommar ved Medisinsk klinikk har hovudansvar for allogen stamcelletransplantasjon med stamceller frå familiegivar og ubeslektet givar. Vi samhandlar med ei rekke andre avdelingar på sjukehuset, og enkelte utanfor sjukehuset for å gi deg fullverdig utgreiing, behandling og oppfølging. Behandlinga di kan avvike noko frå kva som blir beskrive her, fordi behandlinga blir individuelt tilpassa. Vi følger internasjonale kvalitetskrav. Seksjonen er medlem i den europeiske gruppa for stamcelletransplantasjonar – EBMT (European Society for Blood and Marrow Transplantation). Organisasjonen har etablert europeisk standard for korleis stamcellebehandlinga skal utførast på best mogleg måte.

 

Transplantasjonsprogrammet ved Medisinsk post for blodsjukdommar er akkreditert av JACIE (Joint Accreditation Committee ISCT EBMT). Det vil seie at posten oppfyller internasjonale kvalitetskrav.

Behandlinga vi gir og resultata av den ønsker vi å registrere i EBMT-registeret. Det gir oss høve til å evaluere behandlinga, og er basis for vidare forsking og kvalitetskontroll. For at vi skal kunne registrere opplysningar om behandlinga du får, må vi ha informert og signert samtykke frå deg. Dette kjem vi til å informere deg om når du kjem til oss.

 

Transplantasjonskoordinator

Koordinator hjelper til i organisering av retransplantasjonsutredning av donor og pasient, prosedyrar knytte til sjølve transplantasjonen, og  medisinsk oppfølging etter gjennomført stamcelletransplantasjon.

Viss givaren er ubeslektet, får du ikkje vite kven vedkommande er eller kor han eller ho kjem frå. Du kan likevel få opplyst kjønn og alder. Det er mogleg å sende ei anonym helsing (på engelsk) til donor, og donor kan også sende ei anonym helsing til deg som stamcellemottakar. Helsingane blir formidla vidare av HSCT-koordinatoren.

Utgreiing av stamcellegivar

Stamcellegivaren går gjennom ei grundig medisinsk utgreiing for å vurdere om vedkommande er eigna som donor. Givaren må vere frisk og ikkje ha sjukdommar som kan overførast ved transplantasjon, eller tilstandar som kan forverrast som følge av donasjonen.

Samtykke

Når givaren er medisinsk godkjent, blir han eller ho bede om å gi skriftleg samtykke. Samtykket er frivillig, og givaren kan trekke seg når som helst i prosessen.

Givaren blir informert om at pasienten får ei forbehandling som øydelegg eigen beinmerg 7–10 dagar før transplantasjonen. Dersom givaren trekker seg i denne perioden, kan det få svært alvorlege konsekvensar for pasienten.

Stamcellehausting

Stamceller kan haustast på to måtar:

  • frå beinmergen, der stamcellene normalt finst
  • frå blodet

Det er legen som avgjer kva metode som er best eigna.

Den vanlegaste metoden er å hauste stamceller frå blodet. Før haustinga får givaren eit legemiddel (vekstfaktor) som stimulerer stamcellene til å bevege seg frå beinmergen og ut i blodbanen. Dette blir gitt som ei sprøyte under huda.

Sjølve haustinga skjer via ein venekanyle i armen. Ei haustemaskin blir kopla til venekanylen. Maskina skil stamcellene frå blodet. Prosedyren tar vanlegvis 2–4 timar. I nokre tilfelle blir stamceller hausta direkte frå beinmergen. Dette blir gjort ved at beinmerg blir trekt ut frå hoftekammen med sprøyter. Inngrepet går føre seg på operasjonsstue i full narkose.

Stamcellehaustinga skjer vanlegvis same dag eller dagen før transplantasjonen, og cellene blir gitt ferske til pasienten. I somme tilfelle kan stamcellene haustast tidlegare og frysast ned.

Dersom du har lang reiseveg vil du få tilbod om å bu på pasienthotellet desse dagane 

Du kan få dekt reise og opphald i samband med behandling. Hovudregelen er at du får dekt utgifter på billigaste reisemåte. Om det av medisinske eller kommunikasjonsmessige grunnar er nødvendig med dyrare transport, får du dekt dette. Fly eller drosje krev rekvisisjon frå fastlege eller sjukehus.

Om du treng følgesperson, må dette avtalast med lege før innlegging. Reisekostnader for følgesperson blir dekte på rimelegaste måte, opphald blir som regel ikkje dekt. Avtal reisemåte og oppgjer på førehand, kontakt Pasientreiser (tlf. 05515) ved spørsmål. Lenke til pasientreiser

Før stamcelletransplantasjon

Utgreiing

Ca. 4-6 veker før transplantasjonen, blir det  gjennomført  ein såkalla «pretransplantasjonsutredning». Formålet er å kartlegge helsa di, organfunksjon og kontrollere at sjukdommen er i best mogleg fase for transplantasjon. Utgreiinga kan avdekke ting vi bør behandle før transplantasjonen, og estimere risiko for komplikasjonar. Utgreiinga tar vanlegvis to dagar og går føre seg poliklinisk.

Det er ein transplantasjon-koordinator (HSCT- koordinator) ved avdelinga vår som sørger for planlegging og av utgreiinga.

 Medisinske undersøkingar ved pretransplantasjonsutredning:

  • Blodprøve
  • Lungefunksjonstest: Pusteprøve gir oss eit bilde på lungekapasitet og gassutveksling i lungene.
  • Røntgenundersøking: Det blir tatt røntgenbilde av lunger. Det kan bli nødvendig med andre undersøkingar som MR og CT.
  • Kjeve-/ tannundersøking: Blir utført ved kjevekirurgisk poliklinikk, for å avdekke behov for sanering.
  • Undersøking ved kvinneklinikken: Generell gynekologisk undersøking.
  • Augeundersøking: For å kartlegge tilstanden til auget.
  • Ultralyd av hjarte: For å kartlegge hjartefunksjon.
  • Klinisk undersøking og beinmergsprøve hos hematolog
  • EKG, høgde, vekt puls, blodtrykk

 

Samtale med lege og sjukepleiar/ HSCT- koordinator

Vi anbefaler at du tar med deg pårørande til denne samtalen. Vi ønsker at du og pårørande dine les nøye gjennom informasjonen om allogen stamselletransplantasjon i forkant av møtet.  Det vil gi dykk eit betre utgangspunkt for vurdering av behandlingstilbodet. Skriv gjerne ned spørsmål som de har, og ta dei med når du skal til samtalen på sjukehuset.

Du vil få grundig og tilpassa informasjon om behandlingsforløpet, isolasjonsperioden, risiko for alvorlege infeksjonar og mogleg organskade. I tillegg vil du få informasjon om andre moglege og forventa biverknader og komplikasjonar, på kort og lang sikt. Vi vil også gå gjennom kva du kan vente av behandlinga. På slutten av samtalen skal  du som pasient fatte eit informert .  

 Ønskjer du parykk?

Høge dosar kjemoterapi og/eller heilkroppsbestråling fører ofte til hårtap. Dette startar som regel med håret på hovudet, Du kan bestille parykk eller hovudplagg før transplantasjonen mens du framleis har ditt eige hår. Økonomisk støtte blir gitt til parykk/hovudplagg inntil håret veks tilbake. Dette kan du snakke med koordinator om.

Under

sykepleier smiler i dør.foto
Velkomen til oss

 

stamceller.foto

Her klargjøres pakken med stamceller før transplantasjonen.

stamcelletransplantasjon.foto

Her kobles posen med stamcellene til settet.

overvåkingsskjema.foto

Vi registrerer vitale mål som blodtrykk og puls undervegs. Pasienten blir passa på under heile transplantasjonen.

hickman.foto

Her ser du korleis stamcellene går inn i kroppen via Hickmann-kateteret.

stamcelle og klokke.foto

Her sjekker sjukepleiar at stamcellene kommer inn i kroppen med riktig hastigheit. Sjølve infusjonen varer typisk omlag 1,5 timer.

 
stamcelle klokke.foto

Sjukepleiar passar på infusjonshastigheita.

blodtrykk.foto

Blodtrykket blir målt med jamne mellomrom.

stamcelle helsepersonell.foto

Sjukepleiar er tilstades gjennom heile transplantasjonen, og sjekker at alt går som det skal. Lege er alltid tilgjengeleg på sengeposten.

stamcelle.foto

Her sjekker sjukepleiar at dei siste bloddråpane kjem med. No startar ventetid og støttebehandling.

Vardesenteret

Vardesenteret er ein gratis møteplass for pasientar og pårørande. På Haukeland sjukehus ligg Vardesenteret bak Haukeland hotell. Her har dei ulike tilbod og aktivitetar som pårørandegruppe, kosthaldskurs, sminkekurs, rettshjelp, og ulike temamøte. kreftforeningen.no/vardesenteret

 

Kraftsenter for opplæring og rehabilitering/ pusterommet

Kraftsenter for opplæring og rehabilitering gir eitt tverrfagleg rehabiliteringstilbod til

til kreftpasientar og pårørande. Her blir fysisk gruppebasert trening arrangert på Pusterommet, kurs, foredrag og individuelle- og gruppesamtalar. 

Tilbodet kan brukast i tida før, under og etter kreftbehandling. Her jobbar sjukepleiarar, helse- og treningsrådgivarar, spesialistar i sexologisk rådgiving, stråleterapeutar, psykolog og ernæringsrådgivar. Du må tilvisast av hematolog. Tilbodet gjeld inntil 1 år etter avslutta kreftbehandling. (lenke)

 

Energisenteret 

Energisenteret i Glasblokkene tilbyr aktivitetar for alle barn og ungdom 0-25 år som har tilknytt til sjukehuset, via sengepost eller som pårørande.

Her er det mange moglegheiter for å få seg ein pause frå sjukehuskvardagen, men samtidig vere i nærleiken av sjukehuset. Det er ulike aktivitetar både på kveld og helg. Inngangskort til dei ulike romma kan lånast i hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8, blokk 6, etasje 1. Ver obs på at rom må bookast før bruk. Dette blir også gjort  i resepsjonen.

Når ein bookar gymsal og VR-rom, har ein romma for seg sjølve. Ein kan også vere med på kinovisning og da sette seg med avstand til andre (det er ein stor gymsal med ein stor tribune)(.lenke)  

Ved innlegging går vi gjennom informasjon i forhold til behandling, og daglege rutinar.

For at vi skal kunne oppdage endringar og komplikasjonar tidleg er det viktig at du har ein god dialog med helsepersonellet, og at du informerer oss når du merker endringar hos deg. Ved komplikasjonar er det viktig at behandlinga blir sett i gang raskt. Formålet med rutinane er å førebygge komplikasjonar, og sikre at eventuelle komplikasjonar blir tidleg oppdaga. Gi beskjed til oss så snart du merker noko nytt eller uvanleg.

 

Rutinar vi legg særleg vekt på:

Blodprøver

Vi tar blodprøver fleire gonger i veka for å kontrollere hemoglobin (blodprosent), talet på kvite blodceller og blodplater (trombocyttar). Prøvene blir tatte om morgonen. Ofte blir også salt kontrollerte i blodet, nyre- og leverfunksjon og dessutan nivået av eit medikament som heiter Sandimmun. Prøvesvara ligg vanlegvis seinare føre same dag.

Medisinar

Det er viktig at du tar medisinane dine til rett tidspunkt. Når du bruker Sandimmun, skal du unngå grapefrukt, grapefruktjus, pomelo, bitter appelsin, stjernefrukt, granateplejuice og johannesurt, da desse kan påverke effekten av medisinen.

Personleg hygiene

Dei fleste infeksjonar kjem av kroppen sine eigne hud- eller tarmbakteriar. God personleg hygiene, heil hud og friske slimhinner er derfor avgjerande. Du skal dusje dagleg. God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å førebygge infeksjon. Handvask eller handdesinfeksjon skal også utførast etter hosting, nysing eller pussing av nase. Hugs at handsprit ikkje vernar mot alle typar bakteriar og virus – handvask er derfor førstevalet når hendene er synleg skitne.

Undertøy og klede skal skiftast dagleg, du kan bruke eige tøy. Sengetøyet skal skiftast kvar dag, vi oppfordrar deg til å gjere dette sjølv. Du må halde orden på personlege eigedelar slik at reinhaldspersonalet får utført dagleg reingjering av rommet.

Munnstell

Det er vanleg med redusert spyttproduksjon og munntørrheit, blant anna på grunn av kjemoterapi og eventuell GvHD (graft-mot-vert-sykdom). Godt munnstell er viktig for å førebygge mukositt (ein betennelsestilstand med raudheit, hevelse og sår i munnslimhinna) og tannproblem. Vi gir medisinar for å lindre smerte og ubehag. Vi anbefaler:

  • tannpuss 2–4 gonger dagleg
  • skyljing med hydrogenperoksid utblanda i vatn
  • påføring av glyserol (spray) på slimhinnene

Utstyret får du av oss.

Vitalia (måling av funksjonane til kroppen)

Du skal måle kroppstemperaturen minst tre gonger dagleg (morgon, ettermiddag og kveld) og føre han opp på tavla på pasientrommet. Temperaturen blir målt i armhola.

I tillegg måler vi puls, blodtrykk, pustefrekvens og oksygenmetting minst tre gonger dagleg – og oftare ved endringar i allmenntilstanden. Det er viktig at du gir beskjed til sjukepleiar eller lege dersom du opplever endringar i forma di. Formålet med observasjonane er å oppdage teikn til infeksjon eller andre komplikasjonar så tidleg som mogleg, slik at behandling kan startast raskt

Ernæring

Det er viktig at du et og drikk, sjølv om matlysta er redusert. Under innlegginga og etter utskriving bør du som hovudregel drikke 1,5–2 liter væske dagleg, med mindre du får annan beskjed. Tilstrekkeleg næringsinntak er viktig for å halde oppe god fysisk og mental funksjon, slik at du toler behandlinga best mogleg. I periodar kan det vere vanskeleg å få i seg nok næring og væske. Dersom det blir utfordrande for deg å dekke næringsbehovet ditt kan vi supplere med ernæringssonde, intravenøs ernæring, eller næringsdrikke. Saman med lege og sjukepleiar finn vi løysingar som passar for deg.

Kjemoterapi og andre medisinar kan gi forbigåande reaksjonar som:

  • kvalme og oppkast
  • endra smaksoppleving
  • nedsett appetitt
  • sårheit i munn og slimhinner

Vekt

Du skal vege deg morgonen og kvelden. Vekta blir ført på tavla på rommet. Vektauke kan tyde på væskesamling og behov for vassdrivande behandling. Vekttap over fleire dagar kan bety at du får i deg for lite næring og væske.

 

Aktivitet

Dagleg fysisk aktivitet er viktig. Unngå å ligge i senga heile dagen. Kroppen fungerer betre når du bevegar deg, eller sit oppe i ein stol framfor å ligge i senga. Å sitte oppe eller bevege seg hjelper med å hoste opp slim og førebygge lungebetennelse. Bruk senga til kvile når det er nødvendig, men planlegg når du skal stå opp og sette deg i stolen igjen. Sengeposten legg til rette for treningsutstyr under opphaldet, og du får oppfølging av fysioterapeut ved behov.

Urin og Avføring

Vi registrerer urinmengde ved behov. Sjukepleiar vil informere deg om korleis dette blir gjort dersom det blir aktuelt. Urinprøve blir tatt ved behov. Kjemoterapi og heilkroppsbestråling kan gi skade i tarm, og gi diaré. Ved endringar i avføringsmønsteret er det viktig at du gir beskjed. Ved diaré kan det vere nødvendig å registrere mengde/hyppigheit. Avføringsprøver blir tatte ved behov.

Røyking

Dersom du røyker, anbefaler vi på det sterkaste at du sluttar. Forsking viser at kreftpasientar som røyker har høgare dødelegheit enn ikkje-røykarar. Du kan lese meir om røykeslutt på Helsenorge.no. helsenorge.no/rus-og-avhengighet/snus-og-roykeslutt.

 

Når nivået av kvite blodceller (nøytrofile granulocytter) fell under 0,2 x 10⁹/L, vil du bli beskyttande isolert. Du vil opphalde deg der fram til du er ute av aplasifasen – vanlegvis i cirka 2–4 veker etter transplantasjonen. Isolasjonen blir avslutta når dei nøytrofile granulocyttene har stige og ligg stabilt over 0,2 x 10⁹/L.

Vanleg einerom ved RIC (forbehandling med redusert intensitet)

Dersom du har gått gjennom transplantasjon med doseredusert forbehandling, får  du tildelt eit einerom med eige bad og følger dei daglege rutinane som er beskrivne tidlegare. Du kan gå på korridoren med munnbind når det er lite folk, men du kan ikkje sitte i matstua. Personalet hentar inn mat til deg.

Overtrykkisolat ved MAC (totalt beinmergsutryddande behandling)

Om du har fått beinmergsutryddande (mykjeloablativ) forbehandling, blir du flytta til eit overtrykkisolat som er eit einerom med eige bad. Formålet med overtrykkisolatet er å redusere risikoen for smitte frå virus og bakteriar – både frå andre personar og frå omgivnadene. Du kan ikkje forlate rommet utan at dette er planlagt i samband med undersøkingar eller liknande. Personalet hentar inn mat til deg.

Kva du kan ta med deg i isolat

Du kan gjerne ta med bøker, musikk, PC eller handarbeid heimanfrå. Ta med sko eller tøflar som ikkje sklir, og som toler reingjering med desinfeksjonsmiddel. Ta med klede som er komfortable å ha på seg på dagtid.

Besøk når du er isolert

Du kan få besøk, men ikkje meir enn to personar om gongen. Besøkande må vere friske, utan teikn til infeksjon som for eksempel forkjøling. De kan gi kvarandre både klemmer og kyss sjølv om du er i isolasjon. Nærleik og støtte frå dei du er glad i har mykje å seie for trivsel og den psykiske helsa.

Når det gjeld besøk av barn under 14 år, må dette avtalast med sengeposten på førehand. Barn kan oftare enn vaksne vere berarar av barnesjukdommar og virusinfeksjonar, derfor gjeld andreforholdsreglar.  

Kvalme og oppkast

Kvalme og oppkast er vanlege biverknader ved kjemoterapi og heilkroppsbestråling, dei fleste  opplever plager i større eller mindre grad. Alle pasientar får førebyggande kvalmestillande medisinar. Det finst ulike typar kvalmelindrande legemiddel, og behandlinga kan tilpassast individuelt. Målet er å redusere kvalmen, men det er ikkje alltid mogleg å bli heilt kvalmefri.

Dersom du tidlegare har vore plaga med kvalme i samband med kreftbehandling, er det viktig at du informerer oss ved innlegginga. Da kan vi tilpasse den førebyggande behandlinga best mogleg.

Beinmergsfunksjon og aplasiperiode:

Kjemoterapibehandling hemmar beinmergen stort.  Dei første 2 vekene etter forbehandlinga vil talet på raude og kvite blodceller og blodplater falle kraftig. Denne perioden blir kalla aplasiperiode/nøytropeni.

Symptom du kan oppleve:

  • Få raude blodceller kan gi slappheit, svimmelheit, trøyttleik og hovudverk
  • Lågt blodplatetal aukar risikoen for blødingar i slimhinnene
  • Få kvite blodceller aukar risiko for infeksjon

Førebygging av bløding

  • Bruk barbermaskin i staden for barberhøvel.
  • Bruk mjuk tannkost, unngå tanntråd og tannstikkarar.
  • Unngå å plukke eller pusse nasen hardt ved lågt blodplatetal.
  • Observer farge på urin og avføring – meld frå om endringar.
  • Sterk hovudverk kan vere teikn på bløding – kontakt sjukepleiar umiddelbart.

Infeksjonsrisiko

Når immunforsvaret er sett ned, er du meir utsett for infeksjonar. Dette kjem av både eit lågt tal kvite blodceller, spesielt nøytrofile, og skadar på hud og slimhinner som følge av kjemoterapi. Rask behandling med antibiotika er derfor avgjerande, sidan kroppen ikkje klarer å få bukt med infeksjonar like effektivt som normalt. Vanlege teikn på infeksjon, som puss og sekret, kan ofte mangle. I staden er feber som regel det første symptomet på infeksjon, og blir definert som ein temperatur over 38,5 °C eller frostanfall.

 

Du skal melde frå til helsepersonell om du opplever:

  • Feber
  • Smerter eller sårheit i munn og hals
  • Hoste eller kortpustaheit
  • Endra farge på urin, avføring eller oppkast
  • Smerter ved vasslating
  • Diaré
  • Frysningar
  • Nedsett allmenntilstand
  • Andre nyoppstått forandringar

 

Når beinmergen begynner å fungere igjen

2–4 veker etter transplantasjonen ser vi ofte dei første teikna på at den nye beinmergen produserer blodceller. Dette varierer individuelt. Immunforsvaret kan framleis vere svekt i fleire månader etter beinmergsutryddande forbehandling eller ved GvHD.

 

Hårtap

Høge dosar kjemoterapi og/eller heilkroppsbestråling fører ofte til hårtap. Dette startar som regel med håret på hovudet, og etter kvart kan også augebryn, augevipper og anna kroppshår falle av. Hårtapet oppstår vanlegvis etter transplantasjonen.

Tiltak og råd:
  • Bestill parykk eller hovudplagg før transplantasjonen mens du framleis har ditt eige hår.
  • Økonomisk støtte blir gitt til parykk/hovudplagg inntil håret veks tilbake.
  • Augebryn og augevipper gror langsamare enn hovudhår.
  • Hår og hårtype kan bli annleis etter behandlinga.
  • Somme får berre delvis eller ingen gjenvekst.

 

 Konsentrasjon

Nokre pasientar opplever nedsett korttidsminne og konsentrasjonsevne under og etter kjemoterapibehandling. Dette er vanlegvis mellombels, og blir som regel normalisert etter ei tid.

Redusert fruktbarheit / infertilitet

Høge dosar kjemoterapi og eventuelt heilkroppsbestråling reduserer fruktbarheita og kan føre til infertilitet. Alle pasientar som går gjennom stamcelletransplantasjon, bør derfor vere førebudde på at behandlinga kan føre til sterilitet. Etter transplantasjonen kan du få undersøkt fruktbarheita di, og få råd om nødvendig.

  • Menn: Tilbod om nedfrysing av sæd blir gitt under pretransplantasjonsutredningen. Vurdering av fruktbarheit etter transplantasjonen kan vurderast i etterkant dersom ønskeleg.
  • Kvinner: Yngre kvinner med normal eggstokkfunksjon kan i nokre tilfelle tilbydast nedfrysing av egg eller eggstokkvev i samarbeid med Kvinneklinikken. Ved sjukdommar med høg risiko for restsjukdom i eggstokk (for eksempel leukemi) er dette sjeldan aktuelt. beinmergsutryddande forbehandling medfører som regel øydelagd eggstokkfunksjon og vil føre til overgangsalder. Dersom du ønsker å undersøke moglegheita for graviditet etter transplantasjonen, bør dette takast opp med oss.

Hudforandringar

Mange pasientar får mellombelse område med mørkare hud, særleg i armholer, lysken og under brysta. Dette kan komme av kjemoterapi, og hudfargen blir vanlegvis etter kvart betra.

Leverproblem

Kjemoterapi kan i sjeldne tilfelle gi alvorleg leverskade. Denne går vanlegvis tilbake. Leverfunksjonen blir overvakt nøye under behandlinga gjennom regelmessige blodprøver.

 

Transplantat-mot-vert-sjukdom (Graft-versus-host-disease, GvHD)

GvHD er ein reaksjon som kan oppstå mellom friske kvite blodceller frå givaren og kroppen din. GvHD som oppstår innan 3–4 månader etter transplantasjonen blir kalla akutt GvHD, mens GvHD som oppstår seinare blir kalla kronisk GvHD. Akutt og kronisk GvHD kan overlappe, og akutt GvHD kan i nokre tilfelle oppstå seinare i forløpet.

Når GvHD oppstår tidleg etter transplantasjonen, blir det kalla akutt GvHD. Dette skjer fordi donors T-lymfocyttar, som er «utdanna» i givaren, kan oppfatte normale celler i kroppen din som framande. Som følge kan det nye immunsystemet ditt angripe kroppen sine eigne celler.

Symptom ved akutt GvHD: pluss gult felt

  • Hud: Utslett/ blemmer på enkelte stader eller store delar av kroppen, som må vurderast av lege. Hudbiopsi kan vere nødvendig for diagnose.
  • Lever: Plager kan likne leverbetennelse, for eksempel trøyttleik, nedsett appetitt og gulfarging av augets kvite del. Dette blir overvakt med blodprøver.
  • Tarm: Kvalme, oppkast, magesmerter, oppblåsenheite og diaré.

Kronisk GvHD oppstår typisk seinare, og dei ansvarlege immuncellene kan vere «feilutdanna» i kroppen til den transplanterte. Dette kan gi sjukdom i ulike organ og redusert immunfunksjon. Kronisk GvHD artar seg svært sjeldan som ein akutt sjukdom, men meir som ein sjukdom som utviklar seg over tid. Hos nokre pasientar kan han stundom bli ein svært plagsam tilstand.

Samtidig som T-lymfocyttane angrip kroppen sine eigne celler, kan dei angripe evt. resterande leukemiceller. Den reaksjonen blir kalla GvL (graft-mot-leukemi-effekt) Denne immunreaksjonen er ønskt, og kan vere med på å verne mot tilbakefall av .  Ikkje vent med å gi beskjed (Lenke til behandlingstekst sjå forslag)

Infusjon av donorlymfocyttar (DLI) 

Etter ein stamcelletransplantasjon kan det i nokre tilfelle vere aktuelt å gi infusjon av donorlymfocyttar (DLI). Dette kan vere aktuelt dersom du har ein aggressiv krefttype, eller viss sjukdommen kjem tilbake i avgrensa omfang. Lymfocyttar blir da hausta frå givaren og har som mål at dei skal angripe og øydelegge kreftcellene.

 

 

 

Å få diagnose leukemi eller annan alvorleg sjukdom, og gå gjennom ein stamcelletransplantasjon kan påverke mange sider av livet, både for pasienten og pårørande. Da kan det vere nyttig med samtale med sosionom. Det er rutine å få tilbod om samtale med sosionom når ein blir greidd ut for stamcelletransplantasjon.

Sosionomtenesta kan tilby:

  • Råd og rettleiing om økonomi, velferdsordningar, bustad, arbeid og utdanning
  • Hjelp med kontakt mot hjelpeapparatet utanfor sjukehuset
  • Støttesamtalar for pasientar og pårørande

Sosionomtenesta kan informere pasientar og pårørande om rettar ved sjukdom og transplantasjon. Det finst ulike hjelpe- og velferdsordningar som kan støtte pasienten, basert på lover som folketrygdloven, Lov om sosiale tenester i NAV, Lov om helse- og omsorgstenester i kommunane og Pasient- og brukarrettslova.

 

Som hovudregel blir ikkje reise- eller opphaldsutgifter dekte for andre pårørande til vaksne pasientar. Unntak finst:

  • Nære pårørandes reiseutgifter blir dekte viss pasienten har livstruande sjukdom, omsorg for barn under 14 år, behandling varer minst to veker, og lege bekreftar behovet.
  • Nære pårørandes reiseutgifter blir dekte ved kurs eller opplæring med medisinsk innhald som er nødvendig for oppfølginga til pasienten.

 

Rettar i Lov om Folketrygd

Sjukepengar

Sjukepengar skal dekke tapt arbeidsinntekt når du ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom eller skade. For å få sjukepengar må du ha jobba i minst fire veker før du blei sjuk, og ha ei årsinntekt på minst ½ G.

Både studentar og deltidsarbeidande kan ha rett til sjukepengar. Også dagpengar og foreldrepengar kan reknast som grunnlag. Sjukepengar kan givast i opptil eitt år. Folketrygda dekker ikkje inntekt over 6 G, men nokon har avtalar gjennom arbeidsgivar som gir høgare dekning.

Arbeidsavklaringspengar

Arbeidsavklaringspengar (AAP) skal sikre inntekt mens du får behandling eller oppfølging for å komme tilbake i arbeid. Du må ha minst 50 % nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom. Studentar kan få AAP viss studiane blir avbrotne heilt.

AAP utgjer 66 % av inntektsgrunnlaget og kan graderast. Har du barn, kan du få barnetillegg. Vanlegvis kan du få AAP i inntil tre år.

Uføretrygd

Uføretrygd skal sikre inntekt når sjukdom eller skade har gjort arbeidsevna di varig nedsett. Du må som hovudregel ha minst 50 % varig nedsett inntektsevne.

Om du søker uføretrygd mens du får arbeidsavklaringspengar (AAP), er kravet minst 40 % nedsett inntektsevne. Nokon har i tillegg pensjons- eller forsikringsordningar som kan gi ekstra utbetalingar eller betre vilkår enn folketrygda.

Studentar kan få lån frå Lånekassen gjort om til stipend ved sjukdom. Må du avbryte studia, kan du søke arbeidsavklaringspengar.

Bidrag til medisinar

Dei fleste medisinar etter transplantasjonen får du på blå resept. Du betaler eigendel, men når eigendelstaket er nådd, betaler du ikkje meir resten av året.

Bidrag til tannbehandling

Du får dekt infeksjonsførebyggande tannbehandling så lenge du bruker immundempande medisinar. Tannlegen avgjer kva som er nødvendig. Behandlinga blir dekt etter offentlege takster

Andre hjelpeordningar

Alle kommunar tilbyr ulike tenester, men tilbodet varierer frå kommune til kommune. Nokre tenester kan ha eigendel. Tilbod i kommunen kan vere heimesjukepleie, praktisk hjelp, psykisk helsehjelp, kreftkoordinator, støttekontakt, følgespersonbevis, utlån av hjelpemiddel og tryggleiksalarm.

Økonomisk støtte

Kommunen, NAV sosial, har plikt til å gi økonomisk råd og rettleiing, og du kan søke økonomisk stønad dersom du ikkje har tilstrekkelege midlar til livsopphald.

Dersom du har økonomiske utfordringar som følge av sjukdom, kan du søke økonomisk støtte frå Kreftforeningen. Støtta er behovsprøvd og meint som eit tillegg til offentlege ytingar. Det finst også ulike legat som kan gi økonomisk hjelp. Oversikt over legat finst på private søkeportalar, som Legatregisteret.no.

Sjukehusprestane står til disposisjon både for pasientar og pårørande. Prestane har kompetanse og erfaring i å møte menneske i krise og sorg og kan stå til teneste med:

  • Tid til å lytte til deg når du måtte ha behov for det
  • Samtale med hjelp til å sortere tankar og kjensler
  • Hjelp til meistring i ein endra livssituasjon
  • Etter ønske, bidra med bønn og velsigning

Sjukehusprestane har teieplikt og samtalane blir ikkje journalførte. Presten kan komme til sengeposten, og dei kan nyttast som samtalepartnar for alle personar uansett religion og livssyn. Det er du som bestemmer kva samtalen skal handle om.

Etter utskriving

Etter utskriving har kroppen din enda ikkje komme seg heilt, og det er viktig at du er merksam på din almenntilstand. Du må lytte til kroppen sine signal og ta dei på alvor. Du må møte til kontrollar, og ta kontakt med helsetenesta ved behov.

Vi anbefaler at du tar kontakt med lokalsjukehuset eller Medisinsk post for blodsjukdommar dersom du skulle få:

  • Feber
  • Utslett
  • nyoppstått eller vedvarande hoste
  • Kortpustaheit
  • Bløding
  • Nyoppstått diaré, treg mage, magesmerter, kvalme
  • Sår i munnen, sår hals eller problem med å svelge
  • Smerter i samband med vasslating eller avføring
  • Spørsmål du måtte ha knytt til Hickman kateteret
  • Kontakt med ein person som kan ha ein smittsam sjukdom
  • Plutseleg hovudverk

 

Medisinar, temperatur og vekt

Det er viktig at du tar medisinar som avtalt med lege. Mål temperaturen morgon og kveld for å avdekke feber. I tillegg  rår vi deg til å vege deg to gonger i veka.

Immunforsvar og vaksinar

Det tar minst 6-12 månader før immunsystemet er normalisert igjen. Om du har kronisk GvHD eller bruker immundempande medikament kan det ta lengre tid. Du er meir utsett for infeksjonar enn andre.

Etter stamcelletransplantasjon mistar du effekten av alle tidlegare vaksinar. Du må derfor gjennomføre eit fast oppsett vaksinasjonsprogram. Transplanterte skal ikkje ha levande vaksinar. Du vil få med deg eit skjema ved utreise som beskriv dette. Planlegg du ei lengre reise, bør du først diskutere dette med medisinsk personell.

Vi anbefaler også at pårørande vaksinerer seg for sesonginfluensa og følger ordinært vaksinasjonsprogram.

Ernæring

Mange opplever at det er vanskeleg å få i seg mat og drikke også etter at dei har komne heim. Utfordringane kan ha fleire årsaker: kvalme, oppkast, smaksendringar, nedsett appetitt, GvHD, infeksjonar og psykiske årsaker. Dei fleste får gradvis betre matlyst, men det kan ta fleire månader før appetitten din er normal. Fleire opplever at smakssansen forandrar seg eller er sett ned ein periode.

Prøv å ete variert og samansett. Du bør drikke 1,5-2 liter væske om dagen. For pasientar som har fått MAC kondisjonering gjeld førehandsreglar og kostrestriksjonar.

God hand- og mathygiene er avgjerande:

  • Den som lagar maten, må vere frisk og utan sår på hendene.
  • Rå grønsaker og frukt må vaskast grundig for å fjerne jordbakteriar.

Mat som ikkje blir eten straks, skal oppbevarast i kjøleskap og brukast innan eitt døgn etter nedkjøling.

Hudpleie/munnstell

Å oppretthalde ein god personlege hygiene kan bidra til å førebygge infeksjonar. Huda di vil vere tørrare og meir kjenslevar ein vanleg, dusj gjerne med ein mild såpe og bruk fuktkrem. Unngå sterkt sollys dei første månadene etter transplantasjon for å redusere varige hudforandringar og risikoen for GvHD. Du må unngå å bli solbrent. Bruk  solkrem som vernar mot UVA- og UVB-strålar, SPF 50, og gjerne solbriller og hovudplagg som vernar mot sol.

Dei første månadene etter transplantasjonen er slimhinnene i munnen tørrare og meir kjenslevare enn vanleg. Det er viktig at du held fram med godt munnstell. Nokon har redusert spyttproduksjon som følge av cellegiftbehandling eller det kan vere teikn på GvHd.

 

Fatigue (utmattelse)

Å bli trøytt og sliten i samband med kreftsjukdom og behandling er vanleg. Nokon opplever likevel at trøyttleiken held fram i lang tid – opp til månader og år. Fatigue er ei kjensle av å vere unormalt trøytt eller utmatta. Det er ikkje ein sjukdom, men eit symptom med mange ulike årsaker, både fysiske og psykososiale. Det finst fleire tiltak som kan vere til hjelp. Balanse mellom aktivitet og kvile, godt kosthald, regelmessig fysisk aktivitet og jamn døgnrytme kan uansett vere gode råd. Meir informasjon kan du finne på helsenorge.no : Hva er fatigue 

Fysioterapi

Har du behov for fysioterapi etter utskriving, kan du sjølv ta kontakt med ein fysioterapeut. For å få dekt utgifter må fysioterapeuten ha driftsavtale med kommunen. Du treng ikkje tilvising. Det blir betalt eigendel, som inngår i ordinært eigendelstak.

Arbeid, skole og studium

Mange kan gradvis begynne på jobb eller studiar etter ein stamcelletransplantasjon. Kor raskt dette går, varierer frå person til person. Arbeidsgivar skal så langt det er mogleg legge til rette for at du kan fortsette i jobb.

Det er ei stor kjenslemessig påkjenning å vere alvorleg sjuk. Behandlinga og konsekvensane av behandlinga kan i periodar vere tøffe. Dette gjeld ikkje berre for deg, men for heile familien din. Pårørande dine vil vere sårbare og bekymra som følge av den påkjenninga du er utsett for. Derfor er det viktig at du og familien din snakkar saman og at de har nokon å snakke med om det som er vanskeleg.

Dei fleste erfarer at det beste er å vere saman om det som er vondt og vanskeleg, men det er ikkje alltid så lett å snakke saman om kjensler og det ein er bekymra for. Mange pasientar og pårørande oppdagar at dei har behov for hjelp til å snakke om og behandle kjenslene. Psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, sosionom, prest eller imam kan vere til hjelp. Personar frå andre trussamfunn er også mogleg å kontakte.

Det er normalt å merke at humøret svingar i perioden før, under og etter transplantasjonen. Humørsvingingar kan kjennast enda sterkare når du kjem heim. Det er normalt å ikkje kjenne seg i balanse den første tida etter transplantasjonen. Pårørande dine kan også merke det. Det er viktig at de gir kvarandre tid og rom til å kjenne på følelsane som faktisk er der og gir kvarandre løyve til å vere nedstemt, sint eller leitt seg. Dette er normale reaksjonar i ein vanskeleg livssituasjon.

Det kan ta lengre tid enn ein rekna med å komme tilbake i vanleg aktivitet. Du og pårørande dine må kanskje justere nokre av måla og forventningane til livet etterpå. Det kan hjelpe å snakke med ein som har hatt liknande erfaringar. Pasientforeningen Blodkreftforeningen kan formidle kontakt med ein tidlegare transplantert pasient gjennom sitt likepersonsarbeid.

Forsøk å vere tolmodig og ikkje forvent at alt skal normalisere seg med ein gong du kjem heim. Ikkje sett urealistiske mål for kva du skal oppnå i løpet av ei avgrensa tid. Prøv å sette deg mål som bidrar til noko positivt for sjølvkjensla di.

 

Seksualitet 

For somme er det viktig etter kvart å ta opp igjen eit vanleg seksualliv. Det kan ta tid før du føler at du har lyst og føler at du meistrar det. De har saman vore igjennom store psykiske påkjenningar som forbigåande kan forandre forholdet. Derfor er det viktig å vere tolmodig både med seg sjølv og partnaren. Fortel kvarandre om uro og behov. Dei fleste vil oppleve at seksuallivet etter kvart blir omtrent som før. Verken du eller partnaren din bør rekne med at alt går heilt som før i starten. Biverknadene av behandlinga og den psykiske påkjenninga du har vore igjennom kan medføre at du treng ekstra tid for å klare dette. Det er også tøft for partnaren din å vere vitne til dei forandringane som skjer med deg. Alle blir tilviste til sexolog med spesialkunnskap om kreftpasientar ved 3-mnd kontroll, for samtale. Bruk dette tilbodet, og ta gjerne med partnaren din.

Kvinner kan miste menstruasjonen og komme i overgangsalderen. Når du blir skriven ut frå sengepost og kjem på poliklinikken, vil du bli anbefalt å starte med Vagifem vagitorier. Lege vil skrive ut resept til deg. Ved tremånaders kontroll vil kvinner som er under 50 år starte med østrogenbehandling. Dei fleste kvinner blir anbefalte å nytte Vagifem i tillegg til østrogen. Skjeden kan vere tørrare enn vanleg i samband med samleie, sjølv om du får østrogenbehandling. Ved samleie er det anbefalt å bruke vassbasert glidekrem

Kvinner får gynekologisk undersøking ved 3-mnd kontroll. I nokre tilfelle kan det førekomme samanvoksingar i skjeden, og det kan vere aktuelt å bruke ein dilatator/vaginalstav for å halde skjeden open. Det blir vurdert i samråd med sexolog eller gynekolog. Dersom det blir aktuelt, kan dilatatorer rekvirerast frå rammeavtale av sexolog/lækje (du vil få kostnader refundert.) Det er viktig at skjeden blir halden open enten naturleg ved samleie eller ved hjelp av ein dilatator/vaginalstav.

Somme typar kjemoterapi kan gi kortvarige ereksjonsproblem hos menn. Ein transplantert mann kan utsondre mindre væske frå kjertlar på penis i tida etter transplantasjonen, og da kan det også vere greitt å bruke glidekrem. Nokre menn med kronisk GvHD kan få sår på penis og/eller samanvoksingar mellom glans og forhuda. Det er derfor viktig å jamleg bevege på forhuda og sjå at ein får trekt denne tilbake. Tørrheit kan førebyggast ved å bruke medisinsk mandelolje eller f.eks dr. Warming intimkrem. Menn kan også oppleve ein reduksjon av testosteronnivået. Ved hovudkontrollane blir det tatt hormonprøver, som legen kan følge opp om nødvendig.

Ved problem med underlivet eller seksuallivet generelt, anbefaler vi at du seier frå til lege på lokalsjukehus og/ eller på ein av kontrollane ved Seksjon for blodsjukdommar. Det bør gjerast når problema oppstår og ikkje vente til neste kontroll.

Prevensjon er anbefalt hos ein av partane i eitt år etter behandlinga for å unngå graviditet (sjølv om graviditet er lite sannsynleg på grunn av infertilitet etter behandlinga).

Kreftklinikken på Haukeland sjukehus har familieterapeut der ein kan bli tilvist for samlivssamtalar dersom det er behov for det  

Vi ønsker at du skal kunne omgåast menneske og ha sosial kontakt. Men på grunn av infeksjonsfare bør du dei tre første månadene ta nokre førehandsreglar:

  • Unngå kontakt med menneske som openbert er forkjølte, har luftvegsinfeksjonar, eller har omgangssjuke.
  • Unngå kontakt med barn som har vore i kontakt med andre barn som har vasskoppar, meslingar og andre smittsame barnesjukdommar.
  • Unngå offentleg transport, kino, teater, og andre stader der det er mange ukjente menneske samla

Du bør be besøkande om å vaske seg på hendene når dei kjem inn i huset. Du kan gjerne gå i butikken, men helst når det er lite folk.

Barn i barnehage

Barnet bør takast ut av barnehagen ca. 14 dagar før du kjem heim, på grunn av smitterisiko. Så lenge barnet er friskt, kan du klemme og kose så mykje du vil.

Unngå nærkontakt med andre små barn.

Tilbake til skole, arbeid og studium

Tidspunkt for å ta opp att arbeid/skole/studiar avheng av kor raskt du kjem deg. Generelt anbefaler vi at det bør gå eit halvt år etter stamcelletransplantasjonen.

Rehabilitering skal gi deg høve til å komme tilbake til kvardagen så raskt som mogleg og hjelp til å handtere endringar som følger av sjukdommen og behandlinga. helsenorge.no/sykdom/kreft/rehabilitering

Montebellosenteret

Montebellosenteret er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og pårørande deira, som tilbyr kursopphald med fokus på livsmeistring. Montebellosenteret.no

Blodkreftforeningen - pasientforeining

Foreininga er ein organisasjon for personar som har, eller har hatt blodkreftrelaterte sjukdommar og pårørande deira. Foreininga arbeider særleg for å drive likepersonsarbeid og å vere eit trygt samlingspunkt.  Mange set pris på å snakke med andre som har gått gjennom same behandling. Å snakke med ein tidlegare stamcelletransplantert, såkalla likeperson, kan vere til stor nytte. Medisinsk post for blodsjukdommar får besøk av ein likeperson 1 gong i mnd. Blodkreftforeningen - Framsida

 

Kreftforeningen

Kreftforeningen har gratis tilbod over heile landet. Hos dei kan du får råd og støtte i situasjonen du står i. Dei har rådgivingstenester og ei rekke møteplassar og hjelpetilbod.Kreftforeningens tilbud, kurs og aktiviteter

 

Ung kreft / Sjukt sprek

Ung kreft er ein organisasjon som arbeider for at unge kreftramma og pårørande mellom 15 og 35 år skal ha det bra. Dei har ulike tilbod og aktivitetar for kreftramma og pårørande deira. Blant anna  aktivitetsgruppa «Sjukt sprek» og samtalegruppe for unge pårørande. ungkreft.no. ungkreft.no/tilbud-og-aktiviteter/sjukt-sprek

 

DIG møteplass

DIG møteplass er   serveren vår på Discord for deg som er mellom 13 og 25 år og pårørande  til ein med alvorleg sjukdom, eller har opplevd at nokon som står deg nær er død. På DIG møteplass møtest de for å spele og gjere ulike digitale aktivitetar. Her kan du møte andre unge som er i liknande situasjon, og som skjønne tankane og kjenslene du har. Kvar onsdag mellom kl. 18.00- 21.00 vil det vere nokon til stades frå oss som du kan chatte med. Serveren vil vere oppe 24/7. kreftforeningen.no/tilbud/digmoteplass/

 

Kontroll

Oppfølginga første tida etter utskrivinga kjem du til kontroll minst 2–3 gonger i veka. Dersom du høyrer til eit anna helseføretak kan du reise heim tidlegast 28 dagar etter innlegginga

Ver merksam

12 faresignaler som gjør at du kontakter lokalsykehuset eller oss på Haukeland Universitetssykehus

  • Utslett/ blemmer
  • Feber
  • Ny oppstått vedvarende hoste
  • Kortpustethet
  • Uventet blødning
  • Ny oppstått diaré, påfallende treg mage, magesmerter, kvalme
  • Sår i munnen, påfallende sår hals eller problemer med å svelge
  • Smerter i forbindelse med vannlating eller avføring
  • Et hvert problem eller spørsmål du måtte ha knyttet til Hickman kateteret
  • Om du har hatt kontakt med en person som kan ha en smittsom sykdom
  • Smerter i et avgrenset område i ansiktet/kroppen
  • Plutselig hodepine
Sist faglig oppdatert 03.07.2025

Kontakt

Marie Joys' hus Medisinsk post for blodsjukdommar

Kontakt Medisinsk post for blodsjukdommar

Oppmøtestad

Sengepost for blodsjukdommar: 4 etg. Marie Joys` hus

Ta kontakt med resepsjonen når du kommer.

Dersom du kjem med bil og vil køyre fram til inngangen, må du køyre inn på området frå Jonas Lies vei 59, ved Haukeland hotell.  

En moderne murbygning

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Taxi til Marie Joys' hus
På forplassen foran Marie Joys' hus er det mulig å kjøre inn og slippe av og/eller hente pasienter. Innkjøring til Parken er ved Haukeland hotell. Parkering tillates ikke på forplassen.

Parkering ved Marie Joys' hus
De nærmeste parkeringsområdene for besøkende til Marie Joys hus er Parken og Sentralblokken. Innkjøring er ved Haukeland hotell. 

  • I Parken kan man parkere i parkeringshuset (3 etasjer), under Haukeland hotell eller på utendørs parkeringsplasser som befinner seg innover området. Det er også flere parkeringsplasser utenfor MJH. I Parken er det ca. 180 parkeringsplasser.
  • I Sentralblokken er det 300+ parkeringsplasser innendørs. Parkerer man i Sentralblokken kan man gå innendørs via tunnelsystemet til MJH. Det er også mulig å gå utendørs gjennom sykehusparken.
  • Det er parkeringssystemet Sesam Sesam som brukes i Parken og Sentralblokken. Det er stor knapphet på parkeringsplasser på dagtid. 
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

På grunn av mellom anna liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord og blomstervann er det ikkje lov med avskorne blomstrar eller potteplantar til inneliggande pasientar.  

Frisørsalongen på Haukeland er open for både pasientar, pårørande, tilsette og andre. Les meir om frisørsalongen her. 

Takk for at du ikkje bruker parfyme. Parfymelukt kan gi pasientar problem med pusten, hudirritasjonar og forverra sjukdomssymptom. Tusen takk for at du tar omsyn og unngår å bruke parfyme og parfymerte produkt på sjukehuset.  

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.

Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
 
​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
  • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
  • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
  • Røykeskur framfor Augebygget
​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800.

Les meir om Haukeland hotell her.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.